:poesikritikk
DIKT/PROSA
Joe Brainard
Jeg husker
Omsett frå engelsk av Nils-Øivind Haagensen
Flamme 2017
Joe Brainard (1942-1994) var ein amerikansk kunstnar, knytt til pop-art-rørsla og til krinsen rundt poeten Frank O’Hara. Jeg husker kom først som fire separate bøker mellom 1970 og 1973. Seinare er bøkene vorte samla i eitt band.
Det meisterlege med Jeg husker av Joe Brainard er at boka har ein nærmast latterleg enkel grunnstruktur, og likevel står fram så litterært rik mellom anna fordi ho maktar å framstille verda overraskande ny og frisk. Heile boka er bygd opp kring det gjentakande setningsmønsteret, eller mantraet «Jeg husker …».
Jeg husker at jeg forsøkte å overbevise foreldrene mine om at ikke å rake løv var godt for gresset. Jeg husker at jeg likte hvitveiser i hele hagen. Jeg husker at faren min klødde seg på pungen hele tiden. Jeg husker veldig tynne belter. Jeg husker James Dean og den røde nylonjakka hans. Jeg husker så flaut det måtte være for skotske menn å gå i skjørt. Jeg husker da husholdningsteip ikke var særlig gjennomsiktig. Frå Jeg husker, Jo Brainard
Gjennom den formelliknande strukturen tvingar minne seg fram, minne av svært ulik støyping og karakter, som kan stamme frå omgangen med kjende forbruksvarer, filmar, bøker og produktnamn, eller svinge frå svært pinlege til heilt prosaiske hendingar. Minna vert presenterte hulter til bulter, utan omsyn til ein ordnande kronologi. Autentisk, kunne ein seie, slik minna brått og ufrivillig dukkar fram i hugen.
Boka er eit arkiv over sansingar, underfundige observasjonar og menneskelege tilhøve. I boka skriv Brainard fram seg sjølv, familie og slektningar, skulekvardag og frustrasjonar, men også objekt, snop, filmar, filmstjerner, songarar og bøker. Det handlar om barne- og ungdomsåra. Og det som forfattaren hugsar, går ikkje berre på ting som faktisk har skjedd; Brainard kjem i hu fantasiar og dagdraumar. Jeg husker kan sjåast på som ein sjølvbiografi – som ein skriven minnemosaikk, der minna får stå ukommenterte, som harde sansedata utan tolking. Minna vert ikkje til uttrykk for noko anne enn det dei er. Ein kan nok kalle denne typen for autobiografisk skrift for autentisk, all den tid den tilsynelatande let vere å følgje eit ordnande prinsipp, korkje kronologisk eller psykologisk. Men det finst som nemnt ein orden, ein tvang i skrivinga, som følgjer formelen i det gjentekne setningsmønsteret. Det gjer at ein kan stille spørsmål om i kva grad minna her djupast sett har ufrivillige karakter. Men når ein ser at nokre seriar av minne i boka tangerer kvarandre innhaldsmessig, og så tenkjer at dette er uttrykk for ein orden, så er det ein orden som følgjer eit reint assosiativt prinsipp, eit prinsipp som ligg til sjølve minnestrukturen, ikkje til eit ytre ordensmetode.
Jeg husker at jeg malte et sceneteppe som forestilte en murvegg. Jeg malte hver eneste murstein for hånd. Det gikk først opp for meg etterpå at jeg kunne ha malt hele teppet rødt og så streket opp skillene. Frå Jeg husker, Joe Brainard
Måten minna vert presentert på i boka, kan liknast med ei liste, eller ein katalog over livets meir eller mindre ordinære og meir eller mindre skjelsetjande episodar. Lagnadstunge livshendingar utmerkar seg ikkje i teksten, dei står side om side med dei tilsynelatande platte, ubetydelege minna. Likt og ulikt vert montert saman i ein minnecollage. Gjennom montasjen bryt Brainard så å seie ned tidsavstanden og let minna vere tilgjengelege i rommet, framleis ikkje-avslutta, med ei rad moglege koplingspunkt.
Det er ei mengd minne her som mange vil rekne som ubetydelege, trivielle, platte og totalt banale. Det Joe Brainard i røynda gjer, er at han registrerer og set søkjelyset på livets bakgrunnsstøy, på tinga og fenomena som vert liggjande under det vanlege dagleglivet, som vanane og rutinane har fortrengd og skuve ut i mørket. Det som skjer i dagleglivet, skjer ofte på ein måte liksom det har skjedd i søvne, det går under, det vert gløymd. Listeføringa er på ei anna side eit uttrykk for redsla for å gløyme, at noko skal sleppe unna arkivets masker.
I dei ørsmå tekstane er det kunsten å sjå det ein ikkje legg merke til, å sjå det usynlege, som vert dyrka. Gjennom søkjelyset på formas og formalismens monotoni («jeg husker»), som stabiliserer dagleglivet, klarer Brainard likevel å skrive fram noko nytt, noko som held på å sleppe unna og gå under. Det at tekstane ikkje har ein orden, at dei ikkje skil mellom viktig og uviktig, gjev dei òg eit moment av noko autentisk: Dagleglivet eksisterer utan eit ordnande hierarki. Brainards tekst er fragment skrive mot den kronologiske, historiske og representative orden. Difor finn ein ting her som sjølvsagt aldri vert festa i ei historisk framstilling.
I Jeg husker finst inga forteljing, inga tekstleg framdrift. Lista er, som sagt, eit uttrykk for fobien mot gløymsla. Den maniske noteringa er uttrykk for eit ønskje om å stabilisere, halde noko på plass. Sjølv om Brainards bok er ei blanding av personlege trivialiteter og overskridande seksuelle erfaringar, er dette samstundes ein uhorveleg konkret kunst. Det merkelege er at desse personlege minna ikkje berre høyrer til Joe Brainard, dei er felles, også for dei som ikkje levde då, men er fødd seinare, i ein annan kulturell samanheng. Fleire kan ha hatt desse minna, utan eigentleg å ha hatt dei og erfart dei. Minna er likevel i ein forstand kollektive, i kraft av at dei er delbare. De individuelle minna verkar å vere ei utfalding av eit kollektiv oppleving.
Jeg husker av Joe Brainard blei ein direkte inspirasjon for Georg Perecs bok Je me souviens (1978). Her finn ein 480 nummererte tekstar som alle byrjar med «Jeg husker». Perec var medlem av litteraturgruppa Oulipo (Ouvroir de littérature potensielle, eller på norsk, systova for potensiell litteratur), som konstruerte litteraturar på basis av matematiske idear. Forma eller tvangen som basis for den litterære komposisjonen kunne skape reine mogelegheiter. Det ligg altså eit paradoks her mellom det avgrensa og det tilfeldige, mellom tvangen som kan skape rommet for det uføresette.
I boka til Brainard finn ein den gryande, klossete og rå seksualiteten. Det er også mykje absurd humor og underfundig komikk: «Jeg husker jeg svarte «tusen takk» til «tusen takk», og at den andre personen ikke visste hva han skulle si.» Samstundes vert det absurde også ei kjelde til undring hos lesaren: «Jeg husker at problemet med å miste en ting ut av et hull i lomma stort sett var begrenset til barndommen.» Kanskje har heller ikkje minnets arkivariske nettverk fine nok maskar til å fange opp desse tinga. Det siver støtt ting ut av hóla.
Sindre Ekrheim
Bergen, 23.november 2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)