I tryllekrinsen

:poesikritikk


DIKT

Øyvind Rimbereid

Lenis plassar

Gyldendal 2017


Det finst ein forteljande tråd i Lenis plassar, den nye diktboka til den prisløna poeten Øyvind Rimbereid. Rammeforteljinga er knytt til ein 42 år gammal arbeidslaus industrielektrikar som leitar etter kjærasten, den gravide Leni som brått forsvann ein søndag. Leni er finsk, snakkar fem-seks språk flytande og jobbar på eit såkalla call-senter.

Det er etter oljealderen. Ein sit på «kanten av mørket», truga av økologisk katastrofe, økonomisk resensjon og industrielt forfall. Det tredelte langdiktet spelar seg ut i Stavanger og på Forus, næringsområda utanfor byen, der ein har bygd på «myrer». I diktets andre del tek den arbeidslause elektrikaren seg ulovleg inn i kontorbygget der Leni skal ha jobba, dit «Alt forsvant inn». Orfeus søkjer altså sin Eurydike, ikkje spelande på fløyte, men rusta med verktøy og ein «avbidar».

Sjølv om Øyvind Rimbereid kallar boka «Et dikt», består boka av varierte teksttypar. Ikkje berre vekslar det mellom stavangerdialekt og bokmål, monologar vert avløyst av refleksjonar, dialogar og ikkje minst, dei kursiverte innslaga frå det tilbakevendande koret. Koret består av snakkande blomar som kommenterer handlinga. Korsekvensane er av ein så uvanleg finstemt poetisk kvalitet, at dei kunne fint ha fungert som ei sjølvstendig diktbok. Men då hadde det òg vorte ei anna diktbok.

Grunnidéen i diktet går på å bryte dei klaustrofobiske tryllekrinsane ein så lett forsvinn inn i, anten dei er av ideologisk, mytologisk eller vekstøkonomisk art. Ein må vekkjast, og redning må komme frå utsida av draumen. Også samfunnet må ha ei utside for å bryne seg til sjølvmedvit. Elektrikaren, på si side, har mista utsidene sine, Leni og jobben. «Og hvordan skal vi tenke / når tiden er lukket inne i en nøtt?»

Syklusar, til dømes i naturen, er alt på veg til å brytast. Kanskje er det difor blomane snakkar og tenkjer? Ein stad i diktet bestemmer blomane seg for å slutte å vere blomar: «Det var dumt av oss å tro / at vi kunne forbli blomster / og fortsatt ha noe å si.»

Draum, røynd, myte, framtid og individ strekkjer seg mot kvarandre, koplar seg saman, byrjar å svinge og tek til å klinge og lyse frå ulike stader i dette stortenkte langdiktet. Lenis plassar evnar å biletfeste tilstandar samfunnet held på å skru seg inn i. Rimbereid er ein poetisk tenkjar. Lenis plassar demonstrer at samfunnsformasjonen trugar tenkinga og får oss til å forsvinne fra oss sjølv.

Sindre Ekrheim

Bergen, 21.desember 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)