Årets diktbøker 2017


Lenis plassar av Øyvind Rimbereid

Den forteljande tråden i Lenis plassar er knytt til ein arbeidslaus industrielektrikar som leitar etter kjærasten, den gravide Leni som brått forsvinn. Teksttypane vekslar mellom monologar, refleksjonar, dialogar og ikkje minst, innslag frå det tilbakevendande koret. Blomekor-sekvensane er av ein uvanleg poetisk kvalitet, dei kunne fint ha fungert som ei sjølvstendig diktbok. Men då hadde det også blitt ei anna diktbok. Rimbereid skriv med stor risiko og fornyar seg frå diktbok til diktbok.


Vandreutstillinger av Cecilie Løveid

Cecilie Løveid skriv dikt til ulike kunstverk, til fotografi, målarstykke, eller til eit performance-verk. Men òg til tenkte bilete, til dømes ein teikneserie med Sigbjørn Obstfelder i hovudrolla. Løveids dikt let det som har stivna på bileta, kome inn i tida att, og flettar livet og den dødelege kroppen vår saman med kunsten.


Fra håpets historie av Hanne Bramness

Bramness sirklar her inn historiene vert fortrengde frå allmennhistoria. Kva og kven som vert hugsa og gløymt er ofte eit spørsmål om makt. Samtidas marer og kriser, til dømes strumen av flyktningar over Middelhavet, utgjer den tragiske klangbotnen i diktboka. På fascinerande vis skapar Bramness moglege rom i det umoglege, der ho gjev dei vene bileta rom til å blusse opp.


Ruindikt av Jo Eggen

Ruindikt kan liknast med ei reisedagbok frå sju reiser til Irland i perioden 2013-2016. Her oppsøkjer Eggen historiske stader, monument og ruinar som makta har forlate og overlate til mosen og dei låge vekstane. Eggen skriv vent og med stor innsikt om irsk samtid og historie, i dikt som sjølve nærmar seg ruinens form.


Jente med dødningehode av Mona Høvring

Mona Høvring syner at framtidsbileta, anten dei kjem som lagnad, idyll eller utopi, er djupt tvitydige. Bileta forheksar oss. Jenta vert halden fast i bileta av den idylliske barndomsverda og ho får aldri bli vaksen. Det er kanskje på tide å sleppe ho ut. Høvrings språk er i alarmberedskap: Språket er aldri nøytralt, men kan ofte nøytralisere menneske.


Tida er inne av Knut Ødegård

Lyrikaren, kritikaren og omsetjaren Knut Ødegård har skrive ei diktbok med eit presist og nyansert biletspråk, som romsterer i dei mørke krokane i livet. I formene svingar det her frå det korte, poengterte diktet til lengre, utbroderande lyriske remser. Råma inn av dikt om tida fører samlinga oss både attover og framover i tidene, frå barndomsminne fram til mørke undergangssyner.


Endehjem av Eivind Sudmann Larssen

er årets diktdebutantbok. Stilen i dei prosalyriske tekstane er distansert, avklara og stundom analytisk. Rekvisittane er få. Likevel utmerkar dikta seg ved at dei forsterkar kjensla av heimløysa.


Samlede dikt av Bjørn Aamodt

er årets dikt i samling. Ja, for i 2017 har Dikt i samling-utgåver kome tett, men dei fleste har vore vigde framleis levande poetar. Det å lese den avdøde arbeidarpoeten Aamodt i lengdesnittet som her, gjer at nye sider ved poesien hans kjem fram. Samstundes vert ein smerteleg klar over verdien som ligg i Aamodts samla verk. Ingrid Nielsen har skrive eit opplysande etterord som også demonstrerer at poesien ikkje berre produserer tyding, men tydar noko eksistensielt og livsviktig for skrivaren.


Årets gjendiktingar

Landskap i eksil av Bertolt Brecht i Johan Grips gjendikting

Brechts lyrikk, slik han kjem fram i utvalet til Johan Grip, kjennest høgaktuell. Kanskje skuldast det at eksilet og krigen som strøymer gjennom dikta, framleis heimsøkjer samtidsverda. Styrken ved utvalet er at lesaren får oppleve heile variasjonsbreidda i Brechts lyrikk og kan sjå korleis stilen kronologisk utviklar seg.

Averno av Louise Glück i Per Pettersons gjendikting

Gjennom å pirke i myta om Persefone, i diktsekvensar som problematiserer stoffet gjennom eit vidt poetisk spekter av skrive- og tilnærmingsmåtar, får Glück lesaren til å tenkje, samstundes som ho reaktualiserer Persefonemyta.


 

Sindre Ekrheim

Bergen, 21.desember 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)