Kåringar er trøystelause, fantasilause og rituelle. Men skit i, for iblant er det på sin plass å gjere litt stas på noko, og særleg diktbøkene. Desse fortener ikkje berre høge terningkast og bankande hjarte. Dei fortener hundre steinar, femten fisk og ein liter vatn – og lesarar. Les meir om årets diktbøker her.
Krigssiglardikt
Inger Elisabeth Hansen har med utgangspunkt i autentiske notat til faren, som var ute- og krigssiglar, skrive diktboka Krysninger / Konvoi. Dikta fortel om fraktefarten og sjømannslivet, om hamnebyar og ferder over ulike havstrekk. Boka syner også fram diktets beskyttende form. Les kritikken av Krysninger / Konvoi av Inger Elisabeth Hansen her.
Husdraumar
I prosadikt i Håp bygger huset til Hanne Bramness møter lesaren ei rekkje hus. Det er hus i eksil, somme hus er stengde, slik som fengsel og bur, andre er opne og tilgjengelege. Les kritikken av Håp bygger huset av Hanne Bramness her.
Prosapoetisk tapshistorie
Episodar og situasjonsriss med ein eller annan snurrig eller tragisk vri, dannar reisverket i diktboka Vi var enige om noe av Unnveig Aas. Dikta har Amalie Skrams brev og liv som viktig samtaleparnar. Les kritikken av Vi var enige om noe av Unnveig Aas her.
Utopi eller dystopi
Forhåpningane til teknologien speglar, legitimerer eller forsterkar manglar i samfunnet. Audun Mortensen har samla ei rekkje pregnante utsegner som, ofte på morosamt vis, avslører teknologioptimismens fortrengte medvit. Les kritikken av Forventninger til ny teknologi av Audun Mortensen her.
Profetisk reinskrapt
Jamvel om dikta til Nyegaard på modernistisk vis fragmenterer, er dei sjølv opptekne av den menneskelege språklegginga av omgivnadane. Les kritikken av Mørket er et mirakel av Sonja Nyegaard her.
Drift mot lyset
Debutanten Alexander Bertin Øyhovden syner at den biletdrivne lyrikken framleis eig livskraft. Les kritikken av Nå solen med en finger av Alexander Bertin Øyhovden her.
Tyngdekraft og forfall
Den færøyske poeten Jóanes Nielsen skriv ein prinsippfast og ærleg poesi, med enkle og verknadsfulle bilete. Gudehovud var også nominert til Nordisk råds litteraturpris 2018. Les kritikken av Gudehovud av Jóanes Nielsen her.
Ein venleg gjest hos materien
Det bevegar seg heile tida, universet til Kjartan Hatløy i diktboka Menneskedagar. Kvart dikt er ei påminning om at jorda bevegar seg gjennom kosmos, og der diktaren gler seg over at menneska er med på ferda. Les kritikken av Menneskedagar av Kjartan Hatløy her.
Femten teasere om poesikritikken
Poesikritikken leitar ikkje nødvendigvis etter dei poesibøkene som får molekyla og englane til å synge på papiret. Eller hevar fram bøkene som best øydelegg syntaksen, på kostnad av dei som held setningane våre ved like. Les dei femten poesikritikkteaserane her.