Drift mot lyset

:poesikritikk


DIKT

Alexander Bertin Øyhovden

Nå solen med en finger

Tiden


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Mykje samtidspoesi sver til den prosaiske stilen. Debutanten Alexander Bertin Øyhovden syner at den biletdrivne lyrikken framleis eig livskraft. Ein prosaisk stil, som sirklar kring dei nære og heimlege tinga, ville ha plassert Øyhovdens dikt der dei ikkje kunne ha vore. For tildrivet bort frå den menneskelege omkrinsen, mot ukjende fortider og framtider og kosmiske samanhengar, synest å vere for sterkt. Og eigenskapen til eit godt bilete er å krysse over avstandar og plassere det fjerne i menneskets nærmaste grannelag. Slik vert det mogleg å «nå sola med en finger».

Motiv knytt til det å sjå, til auga og til sola og lyset lauper gjennom diktboka og gjev ho heilskap og stramleik. Å vere opplyst er ikkje nok. Begjæret etter å ta på, gjere handgripeleg og falde det framande inn under den menneskelege horisont, er sterkt. Resultatet av havesjuka er kan hende ikkje kostnadsfritt. Fingeren som rører ved sola og kosmos og dei store spørsmåla, vert brent og svidd. Og mennesket vert blinda og fortært av si eiga drift, kasta attende til det einsame medvitet og til kroppens skrale dødelegheit: «Å våkne opp som pårørende / fra ulykken som forårsaket / universets skapelse».

 

Slike som det siterte bileta, finst det mange av her, alle graviterer mot eksistensiell tomleik, einsemd og angst. Likevel grip mange av dei lesaren: «årringenessirkler / spinner tiden i hjel / helt til jeg er så alene / at universet ikkelenger / kan romme meg».

Dei relativt korte dikta, som er samla i seks namngitte avdelingar, kunne ha bore dei golde eksistensielle frammaningane aleine. Men Øyhovden har med heldig hand veva inn eit familiemotiv. Ein død bror som lesaren møter i den andre avdelinga, som i glimt vender attende andre stader, tilfører dikta ei årsak til den eksistensielle kulda og armoda, samstundes som det jordar dikta og gir dei spirer av kjærleik og lengt. Slik kan òg dikta bere fram vare og heilt enkle bilete: «Ei jente med kritt, / som tegner et øye i skolegården / så jorden kan få se himmelen». Det balanserer godt mot dei djerve og meir valdsame ansatsane: «å brenne inne / i mitt eget hode». Her og der forelskar forfattaren seg i eit bilete og terpar så mykje på det at det vert uklart, men elles sit desse dikta godt.

Bergen, 15. november