Husdraumar

:poesikritikk


PROSADIKT

Hanne Bramness

Håp bygger huset

Tiden 2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Huset er eit tematisk omdreiingspunkt i Hanna Bramness si samling av prosadikt. Det er ikkje noko nytt at Bramness skriv prosalyrikk, men det nye er eit sterkare momentet av forteljing. Sjølvsagt kan ein spørje seg om poeten søker mot ei mindre streng form, eller er det fordi diktet er vorte så romsleg at alt kan fyllast i det?

I boka til Bramnes møter lesaren ei rekkje hus. Det er hus i eksil, somme hus er stengde, slik som fengsel og bur, andre er opne og tilgjengelege. Her finst òg draumeliknande hus, og hus som ikkje lenger finst fordi dei har brunne ned. Tekstane er utprega skildrande, der dei sveipar over detaljar og komprimerer større forløp, dei skriv fram ei kort scene med ein eller fleire personar. Tekstane vert kalla prosadikt, men ofte fortonar det seg som om forteljingane stoggar på terskelen, berre antyder moglegheitene utan å utvikle dei vidare.

Kva prosjekt er dette? Boka er djupast sett ein refleksjon kring litteraturen, at ein bur i orda, at ein byggjer seg eit le av dei, slik som til dømes Olav H. Hauge er inne på i diktet «Lauvhyttor og snøhus». Ser ein tekstane i Håp bygger husunder eitt, fornemmar ein at det å søkje ly, å bu, om det er i ei stråhytte eller eit slott, er noko universelt, ei menneskeleg grunnerfaring, som Bramness peilar i og sirklar rundt. Den franske filosofen Gaston Bachelard peikar på at huset ein er fødd i ikkje berre er kroppsleggjeringa av ein heim, men også av draumen. Huset me er fødd i, er fysisk innskrive i oss. Og når mennesket søkjer ly, til dømes under eit tre, startar mennesket med ein gong å byggje imaginære veggar. 

Eg legg ikkje skjul på at det iblant er underleg å lese dei djerve prosadikta til Bramness. Anten skuldast det at stilen tidvis tangerer det opphøgde og arkaiske, eller så botnar det kanskje i at eg av og til tek meg i å lese tekstane som ei rad ufullførte novelle- eller romanopningar. Trass ei stram tematisk kjerne, er det som om tekstane spreiar seg. Som lesar hamnar ein i ein merkeleg mellomtilstand, der ulike lesemåtar kjempar, fordi ein merkar kor sterkt forteljingas framdriftspil og det romlege og kvilande står mot kvarandre i denne boka. Og det er i grunnen veldig fint.

Bergen, 6. desember 2018