Ein venleg gjest hos materien

:poesikritikk


DIKT

Kjartan Hatløy

Menneskedagar

Oktober forlag  2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


I fjor kom Kjartan Hatløy med Dikt i samling og i 2016 med den prosalyriske boka Den kvite vegen. Og tyskaren Frank Wierke har laga poesifilmen Sonnenfuchs om og med lyrikken og lyrikaren.

Nokre trekk i diktinga til Hatløy vert klårare i årets diktbok, Menneskedagar, der det kosmiske nivået ikkje vert plassert langt attom og fjernt, der ute, men finst her, stendig nærverande, verkande i kvardagen. Den tenkjande diktaren er mykje meir framme her enn i tidlegare bøker.

Slåande er det også at diktsekvensane, som ofte rører seg side om side med dauden og det menneske fryktar mest, er så gjennomsyra av det tilforlatelege og det venlege. Til og med planetane vert framstilte som nære vener. Og ein kunne òg nemne dei veldige spranga diktboka rommar, frå dagens mobilteknologi til fortidas egyptiske gudeverd, frå travle flyplassar til skogssnigelens langsame ferd på botnen av ein skog. Om dikta gapar over milliardar av år og fortettar seg i sekundet, er spranget likevel ikkje framstilt som eit vanskeleg byks: «på to sekund vart eg bie». Alt som er vesalt, får eit skjer av noko større i desse dikta.

Det bevegar seg heile tida, universet til Hatløy. Nesten kvart dikt er ei påminning om farten, korleis planetane er på veg og skrid gjennom kosmos, og korleis diktaren gler seg over at menneska er med på denne ukjende ferda.

Dei fyrste dikta påkallar mobilen, ein mennesketeknologi som gjer nærleiken fjern og det fjerne nært. Heile verder synest å laste seg inn i mobilen. Mobilen vert eit emblem hos Hatløy, den rommar altet i det vesle og evnar å ta imot signal frå mange verder. I tillegg har mobilen eit svart glas som i glimt reflekterer andletet og omgivnadane. Slik vert òg dikta som søkjer attende til det gamle Egypt ei refleksjonsflate for tida vår.

Menneskedagar eksisterer naturen, historiske verder, medvits- og livsformer venleg side om side. Iblant kryssar verdene kvarandre: «desse to skuggane danna eit nytt snøgt teikn / det vara knapt eit sekund / to ord i eit språk blodets fart forstår, / men ikkje eg, ikkje svala». Les gjerne denne diktboka.

Bergen, 1. november 2018