Krigssiglardikt

:poesikritikk


DIKT

Inger Elisabeth Hansen

Krysninger / Konvoi. Dikt og dokumentariske fabler

Aschehoug 2018 


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Inger Elisabeth Hansen, som fekk Kritikarprisen i 2015 for si førre bok, har med utgangspunkt i notata til faren, Kristian August Hansen, som var ute- og krigssiglar, laga diktboka Krysninger / Konvoi. Dikta fortel om fraktefarten og sjømannslivet på ulike båtar faren hadde hyre på, om hamnebyar, lossing og ferder over ulike havstrekk. 

Me høyrer om klassetilhøve, dyrtid, slit og konvoifarten under 2. verdskrigen. Kvar for seg høgdramatiske hendingar, likevel er tonen i dikta overraskande nøytralt beskrivande. Jamvel om dikta byggjer på autentiske notat, er personane ikkje i sentrum, snarare skriv dikta fram eit større bilete av samfunnsformasjonen, den kapitalistiske økonomien, utbyttinga, den globale varesirkulasjonen.

Økonomien, krigen, livet og ulike omverder vert, på ufritt vis, monterte i kvarandre. Vel er dette både forteljing, fabel og dokumentarisk stoff, men framstillinga vert òg styrt av poesiens logikk. Noko ein ser om følgjer kor sinnrikt fuglemotivet utviklar seg i boka. Om kronologien endar på 1940-talet, sender dikta varslar til notida: Kakaduene til dømes, som er på veg til zoologisk hage i Århus, vert etter ei grunnstøyting sleppte fri ein stad dei ikkje naturleg høyrer heime. 

Diktboka reflekterer indirekte over korleis litteraturen handterer såkalla dokumentarisk materiale. I undertittelen står det «dikt og dokumentarisk fabel». Fabelen er ei forteljing med refsande innhald. Ein vil ikkje finne så mange moralske formaningar i overflateteksten, men kritikken ligg der. Dei konkrete hendingane talar for seg sjølve.

Konvoi tydar «å gå saman», det er ein orden der ein samlar skipa i lengda, i rekkjer, men også sidelengs, i kolonnar. Denne formasjonen er meint å beskytte mot angrep. Krysning kan tyde at ei line skjer gjennom ei anna, men kan i biologisk forstand også tyde avkom frå ulike artar. I diktboka finst ein nær slektskap mellom innhaldet og diktets formasjon, med sine liner og rader, med setningane som har ei retning, og med linedelinga og bileta som slår seg ut til sidene. Dikta har sjølv konvoiens beskyttande form. At diktforma knyt seg til emnet kan ein sjå av teiknet for linjebrot, /, som opptrer i boktittelen, og som dermed får noko svært urovekkjande ved seg.

Fusa, 13. desember 2018