Tyngdekraft og forfall


DIKT

Jóanes Nielsen

Gudehovud

Gjendikta av Lars Moa

Bokbyen forlag


Av SINDRE EKRHEIM  | sindre.ekrheim@humbaba.no


Gudehovud av poeten Jóanes Nielsen er boka Færøyane har nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2018.

Jóanes Nielsen debuterte i 1978 og har ei rekkje diktbøker attom seg. Poeten er heller ikkje ukjend på norsk, fleire av diktbøkene er gjendikta av Lars Moa.

Det som særpregar dikta i Gudehovud, er ein besynderleg, og tidvis herleg, kombinasjon av det råe og det sarte. Sansen for det prosaiske, og for kroppens lægre og mindre påakta sider, er sterkt til stades. Dei grove linoleumssnitta til Rannvá Holm Mortensen, som ein finn mellom dikta, strekar under nett dette aspektet.  

Det er mangt i dikta som peikar nedover, mot det jordiske. Tittelen Gudehovudkan slik sett verke malplassert, men dikta har eit religiøst tilsnitt, anten ved at dei går til åtak på Gud og kristendom, tek for seg syndefallet, eller let Martin Luther og hans gode ven, Philippe Melanchthon, møtest til ein disputt i diktarens hus under eit straumbrot. Kveitehovudet som ligg på middagsfatet i eit anna dikt, blir betrakta som eit «gudehovud» som ikkje kjem frå himmelen, men frå djupet, «frå havsens botn». 

Hovudsøkjelyset her er ikkje på staden der det andelege vert lokalisert, men på kroppen, aldringa og kroppsforfallet: «Kløyvde gebisset med ei småkake / går med innfallen overleppe / ber preg av det eg snart blir: / kistebuar.»

Nielsen skriv ein prinsippfast og ærleg poesi, med enkle og verknadsfulle bilete. Kompromisslaust søkjer han sanninga og pyntar ikkje på sakene: «Eg må stille spørsmålet: / Har du nokon gong sett kona di skite». Dei siterte versa er plasserte i eit kjærleiksdikt. Det dyriske må reknast med, meiner poeten, om ein skal snakke om det heile mennesket, det vil seie mennesket ein kan vie sin elsk til.  

Ein drøss med liner frå denne diktboka kunne stå som representant for Nielsens poetikk, men eg vel desse: «Mine stjerner er starane / fjørkledde stakkarar som dett ned frå himmelen / visnar bort av svolt og kulde». I opningsdiktet handlar det òg om fuglar, om ein ringmerka gransongar som kolliderer med eit vindauge på Færøyane. Og igjen er det tale om fallet og tyngdekrafta, som tvingar blikket ned hit, på jorda og menneska. Jóanes Nielsen er ein diktar. Ein fin diktar.

Bergen, 8. november 2018