Prosapoetisk tapshistorie

:poesikritikk


DIKT

Unnveig Aas

Vi var enige om noe

Flamme forlag 2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Episodar og situasjonsriss med ein eller annansnurrig eller tragisk vri, dannar reisverket i diktboka Vi var enige om noe av Unnveig Aas. Tidvis kan framstillingsforma likne dagbokas raske og skisseliknande noteringar. Daglegdagse og meir ekstraordinære hendingar vert her uttrykt i nokolunde same gir og stemningsleie,i ein prosapoesi der røysta, ikkje bileta, er berande element.

Eg-et vert i diktboka kasta mellom tre ulike polar, som dikta flettar saman. Den eine er tapshistoria, farens sjukeleie. Den andre dreier seg om sjalusi og om kjærleik som ikkje vert gjengjeldt. Dessutan dukkar spreidde referansar til Amalie Skrams brev opp. Amalie Skram, som mellom anna forlèt mann og barn til fordel for ein annan, fungerer i dikta som førebilete og diskusjonspartnar til trøyst, rettleiing og oppbygging.

Fordi det er tap på alle frontar her, gjeld det å herde seg, og Skram-referansane styrkar eg-et. Nederlaget er ikkje eit fullbyrda faktum, lengta er konstant og vert ernært av ørsmå håp. Det unge og vesle eg-et vert stilt ovanfor livets store spørsmål, og når ho svarar på dei, er det med utgangspunkt i kvardagen, eige liv og medvit. Det verkar kanskje fåfengt å syne den dødssjuke, sengeliggande faren dei nykjøpte støvlettane, men det er eit uttrykk for at ein i slike situasjonar ikkje veit kva det rette er. Det er også i tråd med den litt keitete stilen dikta dyrkar, som vekslar mellom ein sårbare og kjekkasaktig tone.

Ambisjonen om å skrive tilgjengelege dikt, er prisverdig. Iblant fortapar dikta seg i det litt for snakkesalige, det er kan hende ikkje tilstrekkeleg språkleg knask og futt overalt. Om ein tenkjer på at dikta komprimerer ei større forteljing, skulle jo energien, logisk sett, verte forsterka. Ved å nytte Skram som sparringpartnar, vert det skapt ein viss reflekterande, kanskje også ironisk, distanse til livet og til framstillinga. Det er nok medvite gjort, for eg-et treng ein ventil for frustrasjonane. Om ein aksepterer utgangspunktet for dikta, finst strofer her som lyftar seg eit godt stykke over det gjengse: «en fyr jeg lå med en stund / etter deg / sa alltid navnet mitt / idet han gled inn i meg / da ville ikke jeg heller / hete det jeg heter».

Bergen, 29. november 2018