Femten teasere om poesikritikken


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


I

Poesikritikken leitar ikkje nødvendigvis etter dei poesibøkene som får molekyla og englane til å synge på papiret. Eller hevar fram bøkene som best øydelegg syntaksen, på kostnad av dei som held setningane våre ved like.

II

Sidan måten poesien snakkar om tinga på ikkje finst, finst heller ikkje poesikritikken eller poesien. Poesien og poesikritikken dyrkar kunsten å vere reelt ikkje- eksisterande.

Poesikritikken leitar ikkje nødvendigvis etter dei poesibøkene som får molekyla og englane til å synge på papiret. Eller hevar fram bøkene som best øydelegg syntaksen, på kostnad av dei som held setningane våre ved like.

Poesikritikken leitar ikkje nødvendigvis etter dei poesibøkene som får molekyla og englane til å synge på papiret. Eller hevar fram bøkene som best øydelegg syntaksen, på kostnad av dei som held setningane våre ved like.Sidan dei måtane poesien snakkar om tinga og verda på ikkje kan seiast å finnast, finst heller ikkje poesikritikken. Poesien og poesikritikken dyrkar kunsten å vere reelt ikkje-eksisterandeIII

III

Ein må vakta seg for å forkynne den krystallklare litterære domen. For smak er klasseavhengig. Dei som er nedst i hierarkiet, har ikkje smak. Difor må dei vurdere. Difor må dei lytte. Og den som ikkje høyrer seg sjølv, er blitt ein annan.

IV

Når poesikritikken gir alt anna enn seg sjølv tyding, mister poesikritikken tydinga. Poesikritikken er best når den forsvinn.

V

Når noko speglar seg, blir spegelen uskarp.

VI

Lesnad er skapande: han overfører tyding til det som ikkje vil og kan finnast.

VII

Poesikritikken og poesien eig ingen moralsk, politisk eller sosial verdi. Årsaken er ikkje at verdiane har mista all verdi, men at alle verdiane har blitt så dyre. I poesiens språk er eigedomen, enn så lenge, oppløyst.

VIII

Poesikritikken er underlagt verket. Berre slik kan poesikritikken heve seg over det. Idet poesikritikken hevar seg over verket, held verket poesikritikken oppe.

IX

Poesikritikken skal fange pollen i lufta, og følgje pollen som svevar over grensene.

X

Eit tomrom er like viktig som det som står framføre og etter. Berre slik får tomromet ei ekstraordinær tyding og blir viktigare enn alt anna.

XI

På same måte som eit strå grip inn i jorda og i lufta, grip poesien inn i livet. Det som ikkje er poesi, er noko anna – poesi, luft og jord.

XII

Ein må ikkje late seg forføre av originalitetskriteriet. Konsekvensen av orginalitetskriteriet er at det som er sagt meir enn ein gong, er verdilaust. Det vil òg gjelde for denne setninga, ho er ikkje av ny dato. Originaliteten fremjer teiinga. Men det har jo blitt tagd før. Det må teiast på nye måtar.

XIII

Når bokmarknaden fløymer over av kokebøker, er det då fordi befolkninga svelt eller skuldast det ein for dårleg kokebokkritikk? Kokebokkritikken tek ikkje stilling til om marknaden treng kokebøkene. Kokebokkritikken er oppteken av at mennesket treng mat.

XIV

Utan verda går poesien til grunne. Det er sikrare enn det motsette.

XV

Å ikkje følgje eit program, er eit program. Skilnaden er berre at ein slepper å formulere tesane. I staden fremjar ein marknadsøkonomien og skriv teasere.

Bergen, 27. oktober 2018