Utopi eller dystopi

:poesikritikk


KORTPROSA

Audun Mortensen

Forventninger til ny teknologi

Flamme forlag 2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Forfattaren Audun Mortensen er ein litterær konseptkunstnar. Det vil seie at det litterære verket tek utgangspunkt i ein idé. I The collected jokes of Slavoj Žižek leita han fram vitsane som skal finnast i den slovenske filosofens samla verk. I debutboka Alle forteller meg hvor bra jeg er i tilfelle jeg blir det (2009) var hovudpoenget å overføre skjerm- og digitallogikken til papiret og papirboka, noko som hadde ein forfriskande absurd verknad.

I Forventninger til ny teknologi, bok nummer ti frå Mortensens hand, slektar forma på ei bok han gav ut i 2016, nemleg Nylig historikk. Nylig historikk samla 387 korte utsegner og kommentarar, etter sigande henta frå internett. Her møtte lesarane ein underhaldande tekstmosaikk over fellesskapens manifeste og umedvitne tankar – eller tankeforstyrringar. Ein typisk favoritt derifrå er tekst nummer 288: «En mann kommenterer at han ikke lar seg imponere av teknologi før han kan laste ned mat».

Mortensens tekstar i Forventinger til ny teknologi kan ein likne med aforismer, maksimer eller tesar. Tekstane er korte, poengterte og naturlegvis ikkje skrivne for æva, men for det teknologiavhengige samfunnet. Dei seier noko rart, underleg, overraskande eller morosamt. Og dei latterleggjer mildt eller indirekte den nærmast utopiske tiltrua til teknologien. Mortensens maksimer viser kan hende òg at me kunne trengje ein ny teknologi for å stagge teknologioptimismen.

Mortensen identifiserer ingen konkrete teknologiar, kanskje fordi den ligg i framtidas mørke. Alle tekstane, som i storleik ikkje er større enn ei setning, startar med orda «Ny teknologi»: «Ny teknologi utstyrer plastposter med lukten og lyden av en papirpose». Her finst setningar som set fingaren på noko rart, ofte også absurd, og ein spør seg kanskje om det er trong for alle dei uendelege, for ikkje å seie underlege og fiktive, moglegheitene ny teknologi gjev oss: «Ny teknologi lar deg zoome ut fra et fotografi og se alt som befinner seg utenfor bilderammen».

Audun Mortensen diktar fram teknologiens konkrete moglegheiter. Ordet teknologi stammar frå det greske ordet techne, ofte forstått som evne eller kunst. Techne er ein aktiv og agerande kunnskapsform, kunne ein seie, medan episteme, derimot, indikerer ein interesselaus skoding eller forståing. Techne er soleis djupare rotfesta og integrert i dei heimlege og konkrete prasisane og samanhengane i kulturen. Med tanke på språk og kommunikasjon, kunne ein seie at techne ikkje så mykje handlar om kva ein seier, men kva ein gjer når ein snakkar eller skriv. Ein kan også seie at bruken og forståinga av eit teknologisk apparat, til dømes ein datamaskin, krev forståing av korleis maskinen fungerer, men òg korleis sosiale forhold vert handsama gjennom bruken av datamaskina. Teknologien inngår i ein omfattande vev av relasjonar og tydingssamanhengar. Meir enn noko anna er teknologien nært knytt til ein spesifikk samfunnsformasjon med tilhøyrande sosiale og kulturelle kodeksar.

Det er nett teknologiens sosiale forhold Mortensens bok tematiserer. I søkjelyset er dei meir eller mindre urimeleg håpa mennesket har til at ny teknologi løyser problema, det vil seie kompliserte spørsmål av eksistensiell, sosial og økonomisk art. I nokon grad har jo teknologien vorte eit substitutt for ideologien. Teknologien assisterer mennesket og skal ideelt overta dei manuelle, keisame og arbeidsintensive oppgåvene. Men når ein brukar ny teknologi, overlèt ein. i tillegg til arbeidsoppgåver, også herredøme – og kanskje litt av vitet –, slik Mortensens bok så godt demonstrerer.

Det ligg alvor og kritikk attom skjemten, fordi forhåpningane til teknologien, om enn dei er fantasifulle og overdrivne, speglar, legitimerer eller forsterkar manglar i samfunnet. Òg openberre sjølvmotseiande utsegner som ein vil finne her, som «Ny teknologi gjør deg uavhengig av teknologi, slik at du an overleve den nye teknologiens ødeleggelser», set fingeren på den samfunnsmessige sårbarheita teknologien opnar for.

Der Nylig historikk var spenstig, hårreisande og morosam, er Forventingar til ny teknologi ein del stivare, meir monoton og med litt lengre opphald mellom dei morosame sentensane. Det skuldast kan hende at «ny teknologi» blir ein for ubestemt term, at kvart utsegn peikar inn i ei ukjend framtid, der ingenting er umogleg. Då er det som om boka sjølv losnar litt frå dei realitetane og rammene ho spring utifrå og forsvinn i det same uendelege moglegheitsrommet teknologioptimismen teiknar opp. Dette forhindrar ikkje at enkelte tekstar til tider er lystige og rommar ein skarp kritikk som er heilt på sin plass.

Bergen, 22. november 2018