Fragment av Lars Norén er tidvis opprivande lesnad. Det er ei bok full av sjokkerande, vene brokker. Det er ei bok å leggje frå seg og vende attende til, å bli redd, men også klok av. Les kritkken av Fragment av Lars Norén her.
Kaste seg uti
Sidan tekstane i Tanken på det pelagiske av Øivind Hånes skiftar på å zoome inn på ulike kroppsdelar og zoome ut i havet, får komposisjonen pust, puls og rytme. Les kritikken av diktboka Tanken på det pelagiske av Øivind Hånes her.
Mytas tilbakekomst
Den amerikanske poeten Louise Glücks diktbok Averno er fascinerande lesnad. Gjennom å pirke i myta om Persefone, i diktsekvensar som problematiserer stoffet gjennom eit vidt poetisk spekter av skrive- og tilnærmingsmåtar, får poeten lesaren til å tenkje. Les kritikken av Averno av Louise Glück her.
Lyrisk kopling
I diktform let Gro Dahle den russiske poeten Anna Akhmatova (1889-1966) møte den amerikanske beatpoeten Frank O’Hara (1926-1966). Når Gro Dahle utset sitt eige språk for to så ulike poetiske praksisar, befruktar det hennar eige språklege univers. Les kritikken av Anna og Frank av Gro Dahle her.
Språket i det frie
Bård Torgersen har skrive ei diktbok som framfor alt inneheld mange fikse, morosame formuleringar, frå eit subjekt som ikkje har heilt kontroll på språket. Les kritikken av Bård Torgersens Jeg ikke dum her.
Foreviga i svevet
Jamvel om den japanske skihopparen Noriaki vert til eit teikn med evne til å forvandle seg, held Endre Ruset seg nøye krinsande rundt den mystiske hopparen, legenda Noriaki Kasai i desse dikta. Les kritikken av Noriaki av Endre Ruset her.
Skjør klang
Nye sonetter fra innsjøen dyrkar og fornyar sonetten. Sonettboka er gjennomført, stram og personleg med liner som slepper ut tonar med ein ven og sprukken klang. Les kritikken av Nye sonetter fra innsjøen av Karin Haugane her.
Kunsten til det umogelege
Ben Lerners kjem poesihatarane i møte, i essayet Hatet til poesien gir han gir dei rett: Dei fordømande haldningane til poesien er heilt korrekte. Det å mislykkast med diktet ligg ibuande i poesien, fordi poesien aldri maktar å realisere sitt ideal. Les kritikken av Ben Lerners essay Hatet til poesien her.
Med føtene på jorda
Det ligg i tittelen, Tida er inne, at det poetiske stoffet er prega av ein presserande, naudsynleg lyrisk tale. Her er både økodikt, minnedikt, profetiske dikt og vene kjærleiksdikt. Les kritikken av Tida er inne av Knut Ødegård her.
I grenseområda mellom verbaltekst og bilete
Ei døgnbok står i motsetnad til ei dagbok fordi ho rommar natta og resten av døgeret. Gjennom å veksle mellom blyantteikningar og dikt, verbaltekst og bilete, maktar Aasne Linnestå i Døgnbok å skrive og teikne fram eit vippepunkt der dei moglege, skjøre livsformene slepper seg laus. Les kritikken av Døgnbok av Aasne Linnestå her.