Kunsten til det umogelege

:poesikritikk


ESSAY

Ben Lerner

Hatet til poesien

Omsett av Thomas Lundbo

Cappelen Damm 2017


Lyrikkinteressa er laber, på nullpunktet. Poesibøkene vert ikkje melde og dei vert ikkje selde. Situasjonen kjenner ein så altfor godt. Når Anne Helene Guddal i fjorårets diktbok skriv at «Ingen leser dikt, sier de som leser dikt», så kan ein anten ta verset som ein openberr kontradiksjon in adjecto, eller eit ønskje frå dei få feinschmeckerane om å gjere poesien enda meir eksklusiv og ekskluderande. Kor som er, verselina til Guddal set fingaren på noko som vert rekna som eit betent område, poesiens publikumsproblem.

Det er ikkje slik at poesien vert møtt med eit likegyldig skuldertrekk. Den vert aktivt-aggressivt fordømt. Hatet til poesien ligg forankra i poesihistoria og i poesien sjølve, er Ben Lerners hovudpoeng i Hatet til poesien. Poesihatet er ikkje eit nytt historisk fenomen, ikkje ein reaksjon på ein meir og meir hermetisk og sjølvrefererande samtidspoesi; hatet høyrer til den lyriske normaltilstanden: Ein tilstand som har vart sidan Platon i dialogen Staten brennmerka poetane som lygnaktige og farlege fordi poesien forderva sjelene til folk.

Om ein brukar krise eller ein annan term om poesiens permanente elende, kjem ein ofte ikkje vidare frå å terpe på diagnosen, til eit nivå som på rasjonelt vis freistar forklarer kvifor poesien vert utsett for allmenn hån og fordøming. Det gjer den amerikanske forfattaren Ben Lerner i ein viss grad i det vesle, men høgst leseverdige og energiske essayet Hatet til poesien.

Lerner kjem poesihatarane i møte, han gir dei rett: Dei fordømande haldningane er heilt korrekte. Det å mislykkast med diktet ligg ibuande i poesien, fordi poesien (logisk sett) aldri maktar å realisere sitt ideal-dikt. Det kinkige er at det faktiske diktet, altså det dårlege og ufullkomne skrivne diktet, via negativ veg, ofte syner diktet slik det eigentleg burde ha vore som fullkome (idealet). Slik vert det openbert for alle kor mangelfullt, haltande og feil det realiserte diktet er. Diktet er berre ein skugge av seg sjølv.

Lerner identifiserer altså ikkje først og fremst poesiens problem i ytre faktorar, som samfunnet, teknologiutviklinga eller mediesituasjonen. Når han les enkeltdikt av Willam Topaz McGonagall, John Keats og Emily Dickinson, demonstrerer Lerner at alle dikta peikar utover det reelle diktet, til det virtuelle diktet, som ikkje kan skapast i denne ufullkomne verda. Det er forresten kosteleg å lese korleis Lerner klinisk detaljert påviser kor elendig «The Tay Brigde Disaster»-diktet til McGonall er. Men soleis, som herostratisk berømt elendig dikt, vinn diktet likevel kvalitativ verdi, i kraft av at det faktiske diktet måler opp avstanden mellom seg sjølve og idealet.

Lerner får mykje fruktbart stoff ut av det idealistiske standpunktet sitt, også når han skriv om dikt og politikk. Implikasjonen av at Platon ønskte å forby poesien i Staten, er at folk trur diktet er farleg, at det som litterær form er særleg privilegert med tanke på å handtere politiske spørsmål kritisk. Men Platon ønskjer diktet vekk frå Staten fordi diktet fer med lygn, ikkje fordi det er politisk, nei, problemet for Platon er at diktet ikkje er ei gyldig erkjennings- og representasjonsform. Så når folk har så stor tiltru til diktet som politisk målberar, vert dei, ifølge Lerner, sjølvsagt skuffa.

Lerner forlét ikkje idealismen sin. Men på eit punkt i boka vert Lerner meir allmenn, trer ut av det konfliktfylte forholdet poesien har til seg sjølv, og over i samfunnet. Lerner går i rette med, og syner det feilaktige i, kravet om at poesien må allmenngjere seg og formidle mellom motsetnadane, danne, så å seie, eit kollektivt subjekt. Er ein materialist av legning, vil ein meine ei slik formidling er umogleg, ganske enkelt fordi kravet tilslører realitetane i den moderne samfunnsformasjonen. Er ein idealist, vil ein hevde at diktet vil mislukkast: Sjølv om diktet ønskjer å samle, formidle og foreine motsetnadane (idealet) i samfunnet, er diktet i røyna, og den røynda står i vegen for denne realiseringa.

Igjen er det dei detaljerte og poengterte lesnadane av enkeltpoetar og dikt som lyftar framstillinga, eller kanskje er det berre evna Lerner har til å røre seg frå det generelle til det spesifikke nivået som gjer det. «Whitman demokratiserer pronomene i et forsøk på å gi plass til enhver leser i «jeg»-et og «du»-et, slik at en feiring av den ene også blir en feiring av den andre», skriv Lerner, og brukar Whitman som portalfigur for stoda i den amerikanske lyrikkens tilhøve til samfunnet. Slik rører Lerner ved den amerikanske poesidebatten, mellom anna reaksjonane på at Obama valde Elisabeth Alexander til å lese dikt ved innsettingsseremonien. Klagemålet går på at Alexanders dikt ikkje var allment nok. Og Withman er også med når Lerner syner at det hos ein poet som Claudia Rankins i Citizen: An American Lyric ikkje er så lett å skifte plass og pronomen på grunn av hudfarge, rasisme.

Etter å ha vore idealist gjennom heile boka, er det som om Lerner mot slutten vert meir pragmatisk-personleg når han skal nærme seg poesien. Då snakkar han om poeten som ein som ikkje er vorte vaksen, som erfarer språkets ustabilitet, framhevar leiken, at det er naudsynlege for poeten å vere ein stad mellom arbeidslivet og fritida for å kunne erfare språkleg ustabilitet. Slik teiknar han biletet av poesien og poeten som å ung, ennå-ikkje-vaksen i ei verd som er fullvaksen og mogen, og gjer det med innleving og energi. Sjølv om Lerner har synt det umoglege i poesiens kunst, og skriv eit forsvarsskrift for både poesien og fordømminga av poesien, verkar det som om han hentar seg inn i framstillinga, som sansande kropp, kanskje fordi han merkar at alt han har skrive tidlegare i boka ikkje er dekkande for hans eiga erfaring.

Å hevde at poesihatet vert næra av at poesien er ein umogleg kunst, som vil, men ikkje klarer å overskride seg sjølv, kan verke som eit enkelt, einsidig og småsensasjonelt grep frå Lerners side. Først: i et forsvarsskrift for poesien er det retorisk klokt å gi motstandaren rett. Men det spørs om det idealistiske utgangspunktet er korrekt og dekkande for all poesi: Det er mykje samtidspoesi, også poesi frå dei siste førti åra, til dømes brukslyrikk og språkmaterialistisk poesi, som vert skriven under heilt andre horisontar enn den idealistiske. Lerners idealisme, eller platonisme, vil risikere å gi fornya vekt til argumentet idealisten Platon ein gong fremja: Poesien er lygn, og av di poesien fordervar folket må den fjernast frå den sanne Staten. Eg oppfattar snarare Lerners idealisme som eit fruktbart og produktivt grep.

Til sjuande og sist handlar det sjølvsagt om, slik omsetjaren Thomas Lundbo syner i etterordet, poesidefinisjonar. Poesidefinisjonar finst det like mange av som det finst dikt i verda.

’Hat’ er ei sterk glose, og slike ikkje-nyanserande termar har ein tendens til å vekkje interesse og merksemd, ikkje innsikt, i den rådande medierøynda, styrt av merksemdøkonomien. Så brukar jo Lerner sjølv prosa for å fremje desse tankane, ikkje dikt, slik Guddal gjorde med verset sitt. Kvifor? Lerner har ein ganske fin analyse av den prosaiske trenden i samtidspoesien med utgangspunkt i Claudia Rankins i Citizen: An American Lyric. Boka er skriven i prosa medan tittelen plasserer lyrikken som eit fråvær, eit sakn, eit negativt spøkelse, i tekstane hennar. Slik er det vel også i nokon grad med Lerners bok. Men det finst mange siterte dikt i boka til Lerner.

Trass i desse og andre innvendingar, tykkjer eg Lerner maktar, ved hjelp av det idealistiske grepet, å bore i poesihistoriske liner, røre ved ein rekkje aktuelle problemstillingar, og ikkje minst belyse sider ved amerikansk samtidspoesi, som har overføringsverdi til stoda i norsk og i andre lands samtidspoesi. Me treng eigentleg enda fleire slike ikkje-akademiske essaybøker om lyriske emene, også skrivne av norske forfattarar, i den norske bokheimen. Kvifor tar ikkje poetar til med å skrive poetikkar, slik dei gjorde på 1980- og 1990-talet. 1980-talet byrjar å verte lenge sida. Tida krev nye poetikkar og tankar.

Sindre Ekrheim

Bergen, 5.10.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

 

Post scriptum: Poesidefinisjonar er sjølvsagt sentrale for poesikritikken. Viss det er slik idealistane hevdar, at det realiserte diktet inneheld eit prinsipielt uoppnåeleg ideal for korleis diktet skal vere, vil det då vere kritikkens oppgåve å kalle fram desse ideale i den kritiske praksis? Det vert likevel ei gåte at idealet/a skal vere mogleg å kalle fram i kritikken, men ikkje i diktet. Den idealistiske risikoen er at poesikritikken vil bli overflødig og kjeisam, ei utfyllingsoppgåve, idet fasitdiktet alt ligg innbaka i det realiserte og dårlege diktet, som eit skuggebilete. Poesien rommar i så fall sin eigen poesikritikk. I idealismen ligg ein plagsam ahistorisk måte å betrakte verda og poesien på. Sidan idealet, og poesien, ligg fast, til evig historisk tid, men rett nok utanfor historia, vil idealet for poesiens del verte realisert i denne verda, for all æva.

S.E.