Mytas tilbakekomst

:poesikritikk


DIKT

Louise Glück

Averno

Gjendikta frå engelsk av Per Petterson

Oktober 2017


Averno er namnet på ein kratersjø som ligg seksten kilometer utanfor byen Napoli i Italia. Romarane meinte kratersjøen Averno var porten til underverda.

Eit særleg gresk-romersk soge- og mytestoff kjem i framgrunnen i diktboka Averno, første gong utgitt i 2007, og skrive av den amerikanske poeten Louise Glück. Averno kan sjåast på som ei poetisk tolking eller utlegging av Persefone-skikkelsen og myta om Persefone. Det er tale om ei gjendikting av myta som faldar stoffet fram or historias og forteljingas tåke og inn i kvardagen, kroppane og det moderne livet. Glücks poetiske handtering av Persefone-myta i Averno kan karakteriserast som ein type skapande gjendiktings- og omsetjingsarbeid. Som igjen har ført til ei eigenarta og original dikting, der Glück let Persefone sjølv kome til ordet. Å late Persefone kome til orde, har ei heilt spesiell tyding når det kjem til denne myta, fordi Persefone er taus og teier, røva gjennom mytas struktur for både språk og kropp.

Ein bør nok kjenne til hovudtrekka i myta for at dikta i Averno i det heile teke skal ha noko for seg. Persefonemyta er ikkje enkel. Det eksisterer eit utal av variantar og forgreiningar av ho, men hovudtråden går slik: Persefone vert røva av guden Hades og bortført til dødsriket (Hades). Mora til Persefone, Demeter (fruktbarheitsgudinne), som fór over jorda med brennande faklar på leit etter dottera, blei så fortvila at ho lét all vegetasjon på jorda visne. Helios, sola, gudinna som ser alt, fortalde Demeter kva som hadde hendt. Demeter inngjekk då ein avtale med guden Hades: Persefone skulle vere hos mora 2/3 av året, resten av året i underverda hos Hades. Den tida Persefone er hos mora Demeter, spirer og gror grøda og vegetasjonen. I perioden ho er med Hades i underverda, er det vinter. Persefonemyta forklarer mellom anna årstidsvekslingane.

Det ein legg merke til i den korte framstillinga av myta, er at Persefone vert redusert til ein umælande gjenstand, ho vert tingleggjort, ho finst berre i kraft av å vere eit slektskapsforhold eller eit forhandlingkort.

De sier at
det er ei revne i menneskenes sjel
som ikke ble skapt bare for å tilhøre
livet. Jorda

ber oss fornekte denne revna, en trussel
forkledd som et forslag –
som vi har lært det
av fortellinga om Persefone,
som burde leses

som en krangel mellom mora og elskeren –
dattera er ikke annet enn kjøtt.

Frå diktet «Vandreren Persefone», Averno av Louise Glück

Vidare er kvinnerovet til guden Hades ei rein valdshandling. Fleire mytetolkarar har peikt på at kvinnerovet òg involverte valdtekt av Persefone. Dessutan vert Persefone gjennom avtalen mellom Hades og Demeter ikkje berre lenka til Hades og dødsriket gjennom giftarmålet, ho vert som dotter bunden til mora Demeter, på ein noko spesiell måte: Heile økonomien, grøda og avlingane, vert avhengig av Persefone si atterkome og spøkelsesliknande flakking mellom dødsriket og jorderiket. Kjem ho ikkje til Demeter, vert det ikkje avlingar («Ulikt de fleste av oss veit hun ikke / hva vinter er, bare at / det er hun som setter den i gang»). Persefone «lever ikke» og «får ikke lov til å dø».

Det er mellom anna desse ikkje-uttala og uuthaldelege forholda ved Persefonemyta og Persefone-skikkelsen Glück grip fatt i. Og det avgjerande er at Glück freistar å gi Persefone ei røyst og kropp, men det seier seg sjølv at «ei» som er gudeleg og som vert nekta både å leve og dø, vanskeleg kan ha ein kropp og ei røyst, så difor vil ein ofte sjå at dikta tiltalar Persefone med du-forma. Og dikta gjer også noko anna, i «Vandreren Persefone» er det sjølve dei eksisterande mytetolkingane Glück går i rette med. Ein ser at myta, slik ho her er framlagd, og slik Glück skriv seg inn i ho, opnar for både feministiske og freudianske tilnærmingsmåtar. Mellom andre.

Ei slik nyskapande og produktiv poetisk fordjuping i mytestoffet som ein finn i Averno, er imponerande, fordi myta igjen får kraft og verknad i samtida vår gjennom Glücks dikt. Persefone vender så å seie attende til oss og samtida, som eit spegel der me ser den problematiske situasjonen Persefone står i og som kulturen vår er rota i. Kanskje representerer dikta i Averno den vegen som er farbar å gå for Persefone attende til jorda og menneska? Det er risikabelt å tukle med Persefone (og myta). Tuklinga kan jo føre til feilslåtte avlingar og uår, og deretter den visse død for alle, om ikkje Persefone vender tilbake til jorda.

Averno, som inneheld 18 lengre dikt, er delt inn i to hovuddelar, som ein sikkert kan lese som ei deleline langs jorde- og dødsriket. Nokre av dikta er strukturert i nummererte sekvensar. Slik har boka eit nokså fastlagd rammeverk. Men Persefone er ein flakkande skikkelse, korkje død eller levande, og finn ingen ro innanfor rammeverket poeten Glück på omsorgsfullt vis legg til rette for Persefone. Ho glir gjennom maskene.

Å komme tilbake er så å seie epitetet til Persefone, sidan ho må opp for å tenne avlingane. Men det er jo ein umogleg oppgåve: Har ho ikkje gløymt alle tinga frå jorderiket medan ho oppheld seg i dødsriket? Har ho ikkje blitt utsett for vald og valdtekt, og kven kan komme tilbake som den ein var etter ei slik erfaring? I nokre sekvensar i diktet «Prisme» freistar nett Persefone å nå attende til den jenta ho var før ho vert røva, og ho hadde andre tankar om korleis livet skulle levast. Men ho er alltid fanga, også i sitt eige hovud, slik det står i diktet «Blå Rotunde»: «Som innsida av hovudet mitt: / Du kan se ut / men du kan ikke gå ut –».

Louise Glücks diktbok Averno er fascinerande lesnad. Gjennom å sirkle rundt og pirke i myta, i diktsekvensar som både problematiserer og syner fram stoffet gjennom eit vidt poetisk spekter av skrive- og tilnærmingsmåtar, får ho lesaren til sjølv å tenkje. I tillegg gjer Glück Persefonemyta gyldig og aktivt verkande i vår samtidskultur. Det er godt gjort. For det er som om mytane, ja særleg denne Persefonemyta, ligg som ei tause kvern i kulturens sedimentbotn. Dikta er på framifrå vis gjendikta av Per Petterson i Oktober forlags overraskande gjenditningsserie, som Rune Christiansen er redaktør for. Det er, slår det meg, forresten noko eg har gløymt å peike på, nemleg at dikta byd fram tankeeggande og vene enkeltbilete, ikkje berre vendingar om vinter og snø, men også av båtar som ligg i hamna, slik som her:

De tjora båtene stiger og synker.
Ved fullmåne kunne jeg noen ganger lese jentenes navn
malt på båtsidene:
Ruth Anne, Sweet Izzy, Peggy my darling –
De skulle ingensteds, de jentene. 
Det var ingenting å lære av dem.

Utdrag frå diktet «Prisme», Averno av Louise Glück

Sindre Ekrheim

Bergen, 9.11.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)