Foreviga i svevet

:poesikritikk


DIKT

Endre Ruset

Noriaki

Flamme forlag 2017


Poeten Endre Ruset har skrive ei diktbok der den japanske skihopparen Noriaki Kaisai, framleis aktiv i ein alder av 45 år, er omdreiingsfiguren. Det finst fleire enkeltdikt om idrettsutøvarar i norsk litteratur, men det er heller sjeldan at ein enkeltutøvar vert vigd ei heil diktbok.

Kasai, som blei verdsmeister i skiflyging i 1992 og fekk sylvmedalje i OL i Sotsji, er par eksellense slitaren i hoppsporten. Mannen i den gule hoppdressen, som har sagt han skal halde på til han er 54 år, må ha ein heilt spesiell indre kjærleik til skihoppinga. Sidan det finst døme på skihopparar som har krasjlanda i livet etter dei har lagt opp, finst det jo éin grunn til å halde seg svevande.

At skihoppet står kunsten og litteraturen nær, og fort kan verte til bilete på livet, eller på diktet sjølv, er tvillaust. I alle fall når ein tenkjer på hoppets ulike fasar, altså på fråsparket, svevet og nedslaget.

Det er sjølvsagt ikkje skihopparen Noriaki som gjer desse dikta, det er poeten Endre Rusets suverene handtering av språket i det strame formatet. Sidan kvar av dei korte, trelina strofene inneheld namnet Noriaki, nærmar namnet seg sverjinga. Effekten er at namnet så å seie vert tømt for tyding, stilt klar til å fyllast med anna innhald av poeten.

Ruset/Noriaki-dikta inneheld eit rikt repertoar av referansar og reformuleringar av vers frå andre poetar. Robert Creelys diktliner (i Jan Erik Vold gjendikting) «Alt er vann / om du ser lenge nok» lyder i Endre Rusets poetiske adaptasjon: «Alt er Noriaki / om du ser / lenge nok». Slik vert Noriaki-figuren omgjeven og pakka inn, lyfta opp og halde svevande av lette omskrivingar av kjende og ukjende liner. Noriaki vert elles mellom anna sett som fugleunge, dikt, regndråpe, forfattar, einsam og eit leikande lite, sårbart barn: «nedsnødd unnarenn / Noriaki på rygg / lager snøengel».

Jamvel om Noriaki vert til eit teikn med evne til å forvandle seg, held Ruset seg nøye krinsande rundt den mystiske hopparen, legenda Noriaki. I botn av diktremsene ligg det frå Rusets side ein like djup og omfemnande kjærleik til skihopparen, eller, om ein vil, til poesien, som Noriaki sjølv syner andsynes skihoppinga. Og Rusets skjulte poesireferansar gir dikta ei ekstra oppdrift.

Typografisk er det V-stilen som gjeld. Dikta på høgre- og venstresida dannar til saman ein V, altså forma til hoppskia sett frontalt. Dei tre dikta på sida har ei diagonalt fallande rørsle, og mimar sjølve svevet eller konturen av hoppbakken. Enkelt og verknadsfullt.

Sindre Ekrheim

München, 19.10.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)