:poesikritikk
DIKT
Gro Dahle
Anna og Frank
Cappelen Damm 2017
Det er eit spesielt prosjekt Gro Dahle har sett seg føre: I diktform let Dahle den russiske poeten Anna Akhmatova (1889-1966) møte den amerikanske beatpoeten Frank O’Hara (1926-1966). Møtet skjer i boka Anna og Frank og møtestaden er Dahles leikande poesi. Dahle eltar biografisk stoff og diktliner frå dei to poetane saman med eigne verseliner.
Kva kan ein kalle dette? Fri dikting, eller fri gjendikting? I dikta sirkulerer ikkje-omsette liner på russisk og engelsk, men viktigast, alt er skapt og bunde saman av Gro Dahles heilt eigne lyriske legeringar og koplingar. Heller kan ein snakka om ei vørdnadsfull/vørdnadslaus samanføring av tre røyster, tre poetiske attitydar, tre lyriske kontinent. Gjendiktingas problem blir elles kommentert i eit av dikta: «gjendiktninger / ankommer som fremmede i nye sko, / men uten undertøy / flekker på blusen». Så då er kan hende Gro Dahles frie gjendiktingsløysing hakket betre.
Boka er ei lågmælt og hyllande kjærleikerklæring til dei to poetane. I første bolken treffer me Anna Akhmatova i Russland, der me høyrer om giftemål, skilsmål og om hennar menn som sit fanga og vert drepne av bolsjevikane. I neste bolk er me i USA, hos Frank O’Hara før båe poetane møtest i New York. Sjølv om New York-delen er eit klimaks i boka, treng ein dei to andre som oppbyggingsfase. Resultatet er ei bok som vekslar mellom det sorgfylt strenge og det meir jazza, utfrika.
Kva har dei to poetane til felles, anna enn daudsåret 1966? Den pågåande, u-bekymra, snakkesalege og omgjengelege Frank O’Hara vert sett opp mot den melankolske, ettertenksame og politiske posituren til Anna Akhmatova. Fri rytmar og vers møter den strengt rima forma. Det er ikkje slik at boka ser det som si oppgåva å løyse opp skilnadane i poetisk grunnsyn: «Du trenger ikke dette nå, / sier Frank / og prøver å ta sjalet hennes, det hvite med frysene / men hun vil beholde sjalet på, / holder fast ved enderimene, / selv om han mener det er unødvendig / holder fast rytmemønsteret også, / selv om han mener det er arkaisk.»
Gro Dahle har ei nennsam, omsorgsfull og biletskapande språkføring som ikkje ekskluderer lesaren. At poeten vågar å utsetje sitt eige språk for to så ulike poetiske praksisar, befruktar Dahles språklege univers.
Sindre Ekrheim
Bergen, 2.11.2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)