Kaste seg uti

:poesikritikk


DIKT

Øivind Hånes

Tanken på det pelagiske

Gyldendal 2017


Pelagisk vert nytta som nemning for organismar som lever i dei frie vassmassane i hav eller innsjøar. Øivind Hånes, som mellom anna vart nominert til nordisk råds litteraturpris for romanen Pirolene i Benidorm (2005), presenterer i årets diktbok lesaren for to teksttypar som vekslar gjennom diktboka.

Den eine er skriven i prosalyrisk form og tek, punktvis og i delar, for seg kroppen. Gjennom å trekkje ei line mellom dei anatomiske punktnedslaga skildrar Hånes ein kropp og eit møte, kanskje også ei åtskiljing, mellom to menneske.

Den andre teksttypen er sett opp som dikt og tek utgangspunkt i ein person som slepp seg ut i vatnet. I selskap med ein sardinstim vert han førd ikring i det store verdsoseanet, frå dei øvste sjikta nedover til dei mørkaste havdjupa.

Sidan tekstane skiftar på å zoome inn på ulike kroppsdelar og zoome ut i havet, får komposisjonen pust, puls og rytme. Kontrapunktisk brukar poeten prosalyrikken til å skildre punktet, diktet til å skildre dei store linene. At det analytiske blikket ein finn i dei prosaliknande tekstane vert konfrontert med eit meir holistisk, heilskapleg blikk i dikttekstane, kan lesast som ein kritikk av eit vitskapleg detaljerande blikk som til dømes er blindt for dei større klimasamanhengane.

Diktboka til Hånes er ikkje eksplisitt økopoetisk, anna enn at ein no for tida automatisk tenkjer mikroplastikk og forureining når sjøen vert nemnd. Når ein les boktittelen, så handlar jo Tanken på det pelagiske om ein tenkjemåte, og ein tenkjemåte kan få ein til å handle, i det minste skapar ein tenkjemåte nye moglegheiter.

Rasjonelt kan det vere vanskeleg å gripe kva tekstane til Hånes ønskjer å setje fingaren på, eg saknar eit brennpunkt. Men ein bør hugse at det ligg nærmast eit imperativ her om berre å gi seg hen, til kunsten, musikken, språket. Og jøsses, det finst vene passasjar her, og ein må kanskje våge å tenkje utanfor teksten, at musikken er ei oppløysing av det formålsretta, djupast sett handlar han om seg sjølv, om noko anna enn det menneskelege.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 16.11.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)