Skjør klang

:poesikritikk


DIKT

Karin Haugane

Nye sonetter fra innsjøen

Gyldendal 2017


Nye sonetter fra innsjøen av Karin Haugane dannar saman med sonettsamlingane Oder til Fenn frå 2013 og Anna Wunderlich sang frå 2015 eit triptyk. Triptyk er eit bilete som består av ein midtdel (corpus) med to fløymotiv. Triptyket kan faldas saman og opnast ved hjelp av dei to hengsla fløydørene, som eit skap. Om Nye sonetter fra innsjøen er ei av fløydørene eller midtbiletet blant dei tre sonettbøkene, skal her ikkje vere sagt, bortsett frå at dørmotivet sirkulerer i fleire av sonettane i årets bok.

Uansett opnar desse dikta seg, faldar seg ut, og ber eit ønskje om å opne landskapet, kjærleiken, minna, naturen, dyre- og fuglelivet: «En falmet film av ødeleggelse står på / Før fuglen får åpnet hengsla og flyr ut». Innsjøen er, som topografisk fenomen, ei fordjuping i landskapet fylt med (livgivande) vatn, som sig inn frå skogen og landskapet som ligg høgare. Innsjøen er ei lysning mot det kringliggjande landskapet.

Dei sekstito nummererte sonettane knyt seg til Hauganes to førre sonettbøker. Sonettane spreier seg i ei motivvifte av dyr, natur, kjærleik, vald, drap. Det er ei kjend sak, òg sentralt i sonettsamlingane, inkludert denne, at far til forfattaren drap mora og så seg sjølve då forfattaren var lita jente. Den grufulle hendinga vert gjort til gjenstand for fleire dikt, sørgjedikt og dikt som prøver å kome til ei forståing og forsoning. Her kan også triptyket – som ein måte å ordne noko i høve til kvarandre på, passe inn. Fløydør, midtbilete, fløydør = far, dotter og mor; eller = far og mor og den grufulle hendinga, drapet. Eller = døden, havet (innsjøen, naturen) og kjærleiken. Det er desse fløydørene som slår seg opp inn til det mørke: «En falmet film av ødeleggelse». Å opne opp gjer det ikkje berre mogleg å tre inn i noko, det er sjølvsagt også ein måte å sleppe ut noko på.

Når sonettane vekslar mellom reiser til ørkenlandskap i Tunisia og Egypt og opphaldet på hytta ved innsjøen, er det ei veksling mellom rørslemoment og rørslefråvær. Rørsla kan sporast i enkeltsonettane, synleg allereie i sonett nr. 1, som går frå stadium av rørsle i dei to første strofene, til stadium av stille i siste. I stilla viser kjærleiken, roa og minna seg, uttrykt i siste tersetten: «Stillheten i en slik natt med vannliljer / Rodde fram dette milde første minnet / At du mottok meg som ditt menneske».

Dette er altså sonettar. Likevel er det ikkje sonettens rim- og rytmeskjema ein møter, men, slik Henning Howlid Wærp peikar på i meldinga av Anna Wunderlich sang i Aftenposten, er det sonettforma etter den italienske linedistribueringa, 14 vers, fire strofer, i to kvartettar og to tersettar, som vert dyrka.

Haugane skriv altså det ein kan kalle friare sonettar. At det er lov å nytte andre sonettoppbyggingar enn dei etablerte, talar faktumet at det allereie tidleg oppstod friare variantar i sonettstrukturen for. Sonetten er tradisjonelt forma for dei store og alvorlege tema, så også hos Haugane der kjærleik, natur og død er sentrale omdreiingspunkt. Hauganes prosodiske versføringar er tidvis kontrollert, høgstemt og hymnisk. Klanleg er desse sonettane spennande, jamvel om poeten aldri kapslar inn strofene i rim og ikke nyttar fast versemål. Det er nett difor klangen som kjem frå desse sonettane er så skjør og eineståande.

Den tradisjonelle innhaldsmessige vendinga, volta, skjer vanlegvis mellom dei to hovuddelane i ei sonett. Kvartettane fremjar ei tankerekkje, ei framlegging, ei skildring; deretter, i tersettane, kjem vendinga, eit svar, ein konklusjon. Andre betraktar første kvartett som tese, andre kvartett som antitese, og tersettane som syntesen. Hos Karin Haugane finn ein båe variantane, endatil reine naturobservasjonar som ikkje vert samanfatta på noko eintydig vis, men der sonetten snarare vert til ein heilskapleg situasjon som rommar mangfelte bilete. Og viss ein leitar etter konkluderande ord, kan ein oppleve at siste tersetten, eller sisteverset toner ut i ei sentens- og maksimeliknande formulering: «Død natur for å huske at kunst skapes». Om ein ser på den innhaldsmessige tese/antitese/syntese-strukturen i sonetten, som enkelte sver til, ser ein altså igjen ein treklangstruktur som kan liknas med den tre-ledda strukturen i triptyket.

Naturen, naturobservasjonar, dyr og dyreliv har ein stor plass i sonettboka til Karin Haugane. Naturen, især kring hytta ved innsjøen, verkar som ei positiv kraft, ein stad kor eg-et maktar å samle seg og i nokon grad inkorporere sine spreidde livsbetar («potteskårene»). Naturen verkar framfor alt å vere eit meditativt rom for eg-et, ein stad kor forsoninga kan skje, for i sonettane handlar det, ja, dei skriv i stor grad fram korleis ein skal kome til forståing av «Grøsset i en verden av sommerfugler» (s. 47). Likevel er det ikkje eit eintydig natursyn som kjem fram i sonettane. Ein møter naturen som oppsedar: «Lærer meg av med min menneskeredsel» (s. 49); naturen som induserer tru: «Et lysfall skaper tro i et menneske» (s. 44). Til sist er naturen også attgjeve og framstilt natur (s. 52 og s. 53), slik sonettane til Haugane også framstiller, foredlar og gir att natur, til liks med denne dompapen på julekortet:

48

En dompap malt på et blåhvitt julekort
Sitter på kvisten med et oppusta bryst
Den satt når snøen falt og klokker klang
Stemningen bar igjennom min vinternatt

Ville kjent den i hånda jeg strakte fram
Dunete og fargelagt ga den et liv
Et bankende hjerte der inne hørte jeg
Det var nok å se fuglen som fantasi

I dag satt den levende fri og åt frø
Her blir den utsatt som et menneske
For kulde og matmangel og rovdyrs klør

Jeg står på to bein på bakkenivået
Og kjenner en sorgfull lyd inni brystet
Men holder et malt bilde av friheten


Karin Haugane, Nye sonnetter fra innsjøen

Først, i dei to kvartettane i «En dompap malt på et blåhvitt julekort», skildrar sonetten julekortet, den framstilte fuglen. Deretter, i første tersett, kjem vendinga, ved at sonetten syner til ein verkeleg, «levande fugl» (som altså likevel er framstilt natur i dette sonettdiktet), som «fri» og «levande», men også utsett for naturens luner og farar. Den brutale livssituasjonen vert samanlikna med den mennesket er i. Etterpå, i siste tersetten, kjem sonetten til eg-et, her antatt at er eit mennesket, som vert skildra som ein sorgfull fugl, mennesket liknar fuglen. Dette mennesket står og held biletet av dompapen i handa, men no er det ikkje ein dompap på biletet. Det er ei tolking av bildet «jeg» held i handa: «Men holder et malt bilde av friheten». No er både den framstilte fuglen, den levande fuglen og eget fanga, omfamna, framstilte og haldne fast i sonettens bilete. Sonett nummer 48 lese ssom triptyk: Første fløydør: dompapen på julekorten. Andre fløydør: den levande dompapen. Midtbiletet: diktet, sonetten.

Kva har skjedd? Ja, sonetten konfronterer den framstilte naturidyllen med naturbrutaliteten. Eigentleg ber diktet fram medvitet om at naturen representerer både idyll og brutalitet, og at framstilt natur i kunsten balanserer mellom det livaktige, det frie og det fanga. For «et malt bilde av friheten», høyrest ikkje det umogeleg ut? Jo, men fridomen, som malt, finst der som mogelegheit. Om ein går attende til den andre strofa, så påstår diktet også at «Det var nok å se fuglen som fantasi», for at «friheten» skulle kunne verte mogleg, livaktig, verkeleg. Slik er kunsten, anten det dreier seg om bilete eller tekst eller andre teiknbaserte framstillingar, røynlege storleikar som representerer det mogeleg i det røynlege.

Sjølv om naturen først om fremst finst for eg-et, som meditativt rom, synest eg diktboka fungerer som ein storslått og variert katalog over atskillege dyreartar og insekt, der desse vesena vert sett av eit menneskeblikk som lèt dei, i den grad det er mogleg, stå fram som seg sjølve. For i desse verselinene kryr dyr og insekt, hønsehauk, fiskeørn, lam, gaupe, rådyr, krokodiller, firfisle, øgle, slange, jerv, maur, abbor, oter, småsporv, nattsvermarar, dompapp, hare, rev, orm, mus, frosk, sitronsommarfugl, svale, kyr, hund, ramn, elg, ekorn, hegre, lom, mink, falk, svarttrost, tiur, nattergal, kråke, ulv, hest, padde, humle, augestikkar, ørn, måke og fleire til.

Sonetten, ei form mot kaos? Viss ein skriv inn dyr og insekt i sonettens form, føyer ein ikkje då naturen etter menneskets trong for orden, harmoni og velklang? Om ein betraktar sonetten som å vere ei objektiv, ytre form, som tøyer språket mot det ekstreme, då er det ei kunstig eller kunstla form, i ein slik grad at det kunstige vert openbert for alle («Død natur for å huske at kunst skapes»). Så kan ein hevde at det å innskrive dyra og naturen i sonetten, altså i det som vert rekna som ei høg, skatta kunstform med djupe røter i europeisk kultur, er å verdsetje naturen. Sjølv om sonetten vert rekna som ei streng form, er ho ikkje med naudsyn monolittisk og hierarkisk. I sin innhaldsmessige struktur er sonetten dialogisk, alt i sonetten ligg ope, med premissen og den følgjande konklusjonen, om ein brukar logiske termar på sonetten. Ein kunne til og med føre empirisk prov for synspunktet ved å syne til at sonetten var ei ynda og mykje brukt form blant mange tyske diktarar i opposisjon til dei tyske nazistane.

Tvillaust har Karin Haugane med Nye sonetter frå innsjøen skrive ei, i norsk samanheng, uvanleg diktbok. Blant anna fordi boka både dyrkar og fornyar sonetten som vert rekna for ei vanskeleg og tradisjonell form. Men også fordi sonettboka er så gjennomført, stram og personleg med liner som slepper ut tonar med ein ven, skjør og sprukken klang. Det tel heller ikkje negativt at mange av desse sonettane står så godt også aleine, på eigne bein, som det heiter.

Sindre Ekrheim

München, 12.10.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)