Casper André Lugg er ein dyktig lyrikar, som både tenkjer i, og skapar, suggererande bilete med eit trykk av eksistensielt alvor. Les kritikken av Tilgi det virkeliges blomstring av Casper André Lugg her.
Hendenes lyriske arbeid
Håndbok av Gunnstein Bakke handlar ikkje berre om hendenes verk, men om handa sjølv, den kroppsdelen som strekkjer seg ut i verda og inngår i dei fysiske, endrande og stoffskiftande utvekslingane med omverda. Les kritikken av Håndbok av Gunnstein Bakke her.
Avbrotet
Etter å ha publisert poesimeldingar jamt i to år, tok Humbaba i mai i år beklaglegvis ein lengre pause. Men no startar Humbaba opp att. Som tidlegare publiserer Humbaba minst ein bokkritikk i veka, hovudsakleg av nye, norske poesiutgjevingar. Velkommen attende.
Etter poesien?
Kor går poesien etter poesien? Den engelske kanal 2018 er ein antologi som vågar å syne fram samtidspoesiens mangfaldige andlet utan å maskere den bak introduksjonar og innleiingar. Poesiens andlet står støtt aleine. Les kritikken av Den engelske kanal 2018, redigert av Jørn H. Sværen her.
Byen og livet
Det særmerkte ved Amalie Kasin Lerstangs dikt er at dei maktar filtrere den ytre industrihistoria gjennom individuelle erfaringar. Dikta er ekspressive og løper nedover boksidene. Les kritikken av Vårs av Amalie Kasin Lerstang her.
Ein litterær logikk
Det er ikkje all skjønnlitteratur ein merkar er skjønnlitteratur, sjølv om den påstår seg å vere det. Med Richard Brautigans korttekstar veit ein, allereie idet ein les første setninga i boka, at dette verkeleg er skjønnlitteratur. Les kritikken av En god setning. Og en god setning til av Richard Brautigan, omsett og i utval av Jan Erik Vold.
Bileta kjem ikkje heilt fram
Diktboka Skyggeløs av kinesiske He Dong freistar biletleggje noko som ikkje er direkte synleg, nemleg tida. Det ein bilesterk, meditativ og tenkjande poesi som møter lesaren i denne boka. Les kritikken av Skyggeløs av He Dong her.
Knoppskytande prosa
Det er der, i språket, at litteraturen veks fram. Og litteraturen plantar noko i lesaren. Fredrik Hagens prosabok, Alt er barndom, gjer på sitt beste nett det. Les kritikken av Alt er barndom av Fredrik Hagen her.
Skrifta og det levande
I diktboka Dikt husker stemmen av islendingen Sigurđur Pálsson møter lesaren ei diktrøyst med varierande stilleie. I dikta utspelar det seg ein kamp mellom skapinga og øydelegginga. Les krtikken av Dikt husker stemmen av Sigurđur Pálsson her.
Ven og giftig kjærleik
I diktdebuten Jonathan og Sailor j. vert ein presentert for ei ven, men også destruktiv og vond kjærleikshistorie mellom to unge menn. Dei fragmenterte dikta er sanselege og ekspressive. Les kritikken av Jonathan og sailor j. av Jonathan August Lengali her.