:poesikritikk
DIKT
Den engelske kanal 2018
Red. Jørn H. Sværen
Kolon forlag
Den franske poeten Jean-Marie Glezie meiner at det ikkje lenger er mogleg å identifisere poesien utifrå formelle trekk, og at poesi meir er å sjå som ein strategi. Det finst altså prinsipielt ingen trekk som skil poesi frå andre sjangrar, sjølv om både kritikken og dei litterære institusjonane held fram med å handsame utgjevingane som om dei var poesi. Legg ein Glezie sine tankar til grunn, er omgrepet om ny poesi problematisk. Glezie snakkar heller om postpoesi.
Jean-Marie Glezie er ein av dei tolv poetane som er representert i samtidspoesiantologien Den engelske kanal som i år kjem ut for sjette gong. Her finst norske og nordiske poetar, og nokre omsette frå fransk og engelsk. At antologien opnar med ei gamal omsetjing av Stéphane Mallarmé (1842-1898) er kanskje eit uttrykk for at ropet etter det nye er avleggs. Eller så ønskjer ein å leie merksemda mot den etterpoetiske tilstanden: Mallarmé braut med gjeldande syntaks og skreiv tekstar utan meining, og med han nådde ein grensa for kva diktinga kunne gjere.
Kva skulle ein gjere då? I staden må ein søkje inn i ei rad skrivepraksisar som eksperimenterer, og som opnar seg mot andre uttrykksformer. Nokre av desse ulikarta skrivemåtane vert demonstrert i Den engelske kanal. Danske Andreas Vermehren Holm blandar bilete og skrift. Holm malar over boksider i gamle bøker og ved å late ord stå att, vert det til nye kombinasjonar av bilete og tekst.
Når Jenny Tundal, som skriv dikt som legg seg tett mot brevet, i siste line konkluderer med at «Brev verkar inte fungera», er det som om setninga underminerer tekstane hennar. Samstundes kastar dei lesaren mot verda utanfor teksten. Brevet føreset ein viss type samfunn. Likevel er det ikkje slik at Tunedals tekst er avhengig av at brevet fungerer.
Cecilie Løveid har skrive prosalyriske tekstar på dansk om den seinromantiske legediktaren Emil Aarestrup (1800-1856), kjend for sine erotiske dikt. Løveids tekstar er overdådige og burleske, samstundes som dei reflekterer over ulike fotografiske framstillingsformer.
Det som er tiltalande med den Den engelske kanal, er at dikta ikkje er omgjevne av introduksjonar, men talar for seg sjølv. Bidraga kan vere utfordrande og provoserande, men også tankevekkande og beint fram vene å lese.
Sindre Ekrheim
Bergen, 23.august 2018
(sindre.ekrheim@humbaba.no)