Ven og giftig kjærleik

:poesikritikk


DIKT

Jonathan August Lengali

Jonathan og sailor j.

Oktober forlag (2018)


I diktdebuten Jonathan og sailor j. vert ein presentert for ei ven, men også destruktiv og vond kjærleikshistorie mellom to unge menn. Forteljinga, om ein vågar seg til å kalle dei fragmentarisk dikta det, faldar seg ut i samspel med naturbilete, mytologiske førestillingar og eit sanseleg og eksplisitt språk. Somme av dikta vert her og der krydra med engelskspråklege sitat frå samtidas poplåtar.

Naturen er både spegel, ideal og tidvis mostandar. Sjølv om hovudpersonen Jonathan er vendt mot naturen og omtalar seg som «solens sønn» og «graver vekk jord, for å komme til jord», er det som om menneskekroppen fell inn i natursamanhengane og samstundes står utifrå den. Ein støyter ofte på ordet barn, og Jonathan freistar å halde på ein paradis- og uskuldstilstande, i naturen, som menneske og i kjærleikslivet.

Blandinga av det forlokkande og farlege, som seksualiteten og kjærleiksforholdet representerer, vert introdusert tidleg i boka med tystbasten, den giftige og vene planten med raude bær. Dramatisk vekslar det mellom venleik og vondskap, uskuld og skam, nærleik og fråstand, jord og himmel, noko som gjev dikta eit sterkt ekspressivt uttrykk.

Sjølv om kjærleiken slyngar Jonathan inn mot eit sentrum, finst ei anna kraft som framfor alt kjem til uttrykk i den fragmenterte stilen, som gir tydeleg signal om øydelegginga som skjer.

Komposisjonen speglar kreftene som arbeider mot kvarandre i diktboka. Sjølv om enkeltdikta isolert sett nærmast fell frå kvarandre, får ein, når ein les diktboka under eitt, likevel ei kjensle av ein tett, indre samanheng. Kanskje skjer det fordi ord som eplet, barnet, jorda, treet, havet og bølgjene vert gjentekne gjennom boka i ulike samanhengar. Det skjer heller inga utvikling i kjærleiksforholdet, heller eksponerer dikta dei sama augeblikka gong på gong. Når dikta liksom køyrer seg fast slik, vert det til ein fin kontrast til alle natur- og voksterbileta. Kanskje hadde boka tent på noko innstramming her og der. Men det er grunn til å lytte til ein ung debutant som kan skrive sanseleg og forlokkande som dette: «omkring de stedene hvor ansiktet ditt blir lepper, hoftene dine blir lår / fingrene dine en åpen hånd».

Sindre Ekrheim

Bergen, 23.mars 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)