Hendenes lyriske arbeid

:poesikritikk


DIKT

Gunnstein Bakke

Håndbok

Oktober 2018


Det finst eit utal handbøker som enkelt skildrar korleis ein utfører ei rekkje praktiske oppgåver, alt frå stikking til skriving. Diktboka Håndbok av Gunnstein Bakke siktar seg på sett og vis inn på dei manuelle og praktiske verksemdene, på handlaget og korleis ein gjer ting. Men Håndbok handlar ikkje berre om hendenes verk, men om handa sjølv, den kroppsdelen som strekkjer seg ut i verda og inngår i dei fysiske, endrande og stoffskiftande utvekslingane med omverda. Hendene grip inn i verda, let seg farge av ho, i motsetninga til auga som skil mennesket frå verda og gjer ho til eit fjernt objekt. Hendene gjer at mennesket kjem fri frå kroppen og seg sjølv: «imens står en kropp på et offentlig toalett / skjelver foran et håndtak / slipper ikke ut av seg selv». Hendene liknar kan hende meir på pusten.

I diktboka møter ein ormen, som ikkje har utvikla gripelemmar og som freistar å vri seg ut or seg sjølv. Ein møter treet med sine greiner som ofte vert samanlikna med det menneskelege gripeorganet: «Jeg tegner en hånd der fingrene spriker / som tegnet for et tre.» Barnet og guten, dei som er nye og uskuldige i verda, er også tilbakevendande motiv i dikt som ved langsam og oppmerksam lesnad opnar seg for lesaren lik ei hand.

Bakkes dikt fører ikkje inn i kroppen, men ut i omverda, til gjenstandane, dyra, plantane og andre biologiske vereformer. Hensikta er ikkje å leggje desse vereformene under seg og innskrive dei i det menneskeherskande perspektivet. Det er tale om å finne ein ny plass for mennesket: «Jeg prøver bare å komme herfra / hvor det er mulig å høre løvets struper.» Slik kan ein seie at det finst eit økopoetisk tildriv i diktinga til Bakke, der naturfenomena utanfor mennesket ikkje berre får auka verdi, men autonomi, slik at dei vert til «En spillemann gjort av sin egen musikk».

Dikta i Håndbok er tenkjande, forskande og spørjande. Poeten vender på perspektivet, let den levande omverda handle og komme til ordet. Her er det ikkje mennesket som drikk vatn, men «Vannet fører munnen til seg». Gunnstein Bakke skriv ein poesi som ikkje berre skapar univers ut av inkje, men som innstendig lyttar til seg sjølv og omverda for å «høre løvets struper».

Sindre Ekrheim

Bergen, 18. oktober 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)