Bileta kjem ikkje heilt fram

:poesikritikk


DIKT

He Dong

Skyggeløs

Gjendikta av Yinni Hu i samarbeid med He Dong

Gyldendal 2018


Diktboka Skyggeløs av kinesiske He Dong freistar biletleggje noko som ikkje er direkte synleg, nemleg tida. Det er ein bilesterk, meditativ og tenkjande poesi som møter lesaren i denne boka.

Tida er eit abstrakt og vanskeleg gripbart fenomen. Tida vert synleg ved at ho verkar og kjem til syne i og gjennom noko anna enn seg sjølv. Tida «er men er ikke» slik det står på side 37. I Skyggeløs får tida ei rekkje andlet, den er, mellom anna, ein «skjult deltaker» (s.45), «navnløs / men besetter hvert navn» (s.48), «tiden er et spindelvev mennesket har vevd / for seg selv» (s.57), «sekundene /som kryper ut av graven» (s.81), osb. Dikta tilskriv tida bileta av noko negativt, av noko fråverande, men likevel verkande.

Eit dikt antydar at tida har noko med planetane å gjere – «vendt mot tidens skråstrek / sola» – sjølv om planetane berre hjelper oss å måle tida, ikkje forstå kva ho djupast sett er. Som nemnt er det ikkje lett å formulere noko om kva tida er i seg sjølv, slik He Dong er inne på: «vi kan kun fange opp / hvislingen / slangens flukt».

Skyggeløs krinsar kring ei rekkje tidsavhengige tema: forsvinninga, framhaldet, augeblikket, fødselen, døden, livet. Apparatet He Dong har til rådvelde som poet, er altså språkbileta: Det å freiste omsetje tidas ’vesen’ språkleg-visuelt. Ikkje berre namngi skuggen til det «skyggeløse», men late sollyset treffe dette slik at det vert opplyst, noko som sjølvsagt er umogleg. Den diskursive logikken følgjer sjølv tidsstrukturen, både som organiserande prinsipp og som noko som tar tid, medan poesien i større grad gjer tida romleg ved at den dyrkar språkbiletet. Biletet festar seg på skrå i den framoverretta tidsstraumen.

Sitter stille
Løfter på landskapet
          Landskapets riper
Løfter på språket
          Språkets gjørme
Løfter på kroppen
          Kroppens ledd

Åpner døren   ber det kritthvite inn

Skyggeløs, He Dong

Men kva er skuggelaust? Er det skuggelause eit objekt som sjølv strålar ut alt lyset, sola? Eller er det skuggelause eit objekt som ikkje eig skugge fordi det ikkje trer fram med sitt vesen i den fysiske verda? Men om tida (i biletleg meining) kan seiast å kaste skuggar inn i den fysiske verda, men ikkje syner seg sjølv i rein form, då er det det som kastar skuggen, tida, som ikkje er synleg for oss. Medan skuggane av tida er synlege, i form av aldring. No påstår då ikkje He Dong at tida= det skuggelause, den samankoplinga gjer eg som lesar. Så tittelen på boka syner til sola sjølv, til vekslinga mellom lys og mørke, til døgeret, til tida.

Tidleg finn ein eit dikt som så å seie går rett til kjernen, til apparata som framstiller og gjer tida synleg: Uret.  Eg-eg vert ein sekundvisar, ein passiv del av urverkets maskineri. Eg ser for meg eit solur, sjølv om det ikkje er dekning for det i diktet, men kanskje ikkje urimeleg å anta om ein ser det i lys av neste diktsekvens der eg meiner det handlar om eit vassur, men det er ein urimeligheit i denne lesinga likevel, nemleg at eit solur har ein sekundvisar. Diktet skapar uansett interessant bilete på mennesket underlagt tidas kategori, der skanderinga og tidsetjinga så å seie sekunderar forsvinninga.

Dikta til He Dong er korte og gir ofte lesaren, iallfall i dei betre dikta, ei avklara ro, og dei beste dikta skisserer opp nokre bilete med dragande rørsler. At dikta formelt sett er nokså strippa, med få rekvisittar, med eit eller to bilete, gir lesaren ei kjensle av ein poet som freistar skjere inn til beinet, til det vesentlege.

Det finst ein tanke her, også når det gjeld alterneringa mellom dikta på kinesisk, på venstresida, og den norske omsetjinga på høgresida. Iallfall om ein tenkjer seg at språktydinga=tida. Tydinga skjuler seg, men viser seg og vert aktualisert i språka. Felles for både dei kinesisk og norske diktvariantane er at dei representerer instansar av den same tydinga, skjult attom dei kinesiske teikna og dei norske orda.

Iblant skurrar likevel biletføringa. Eg trur det har å gjere med at dikta huser ein del, kanskje mange, abstrake ord og at bileta av og til vantar presisjon, inneheld litt for mange element, eller rett og slett er for tenkte. Til det siste høyrer: «en rose og hennes skygge / møtes på to fjerne plasser / fortid fremtid», som nesten blir litt rebusliknande. I utgangspunktet er ikkje dikta utstyrte med eit avansert biletspråk, men biletelementa dreg ein iblant bort frå den klårleiken dikta sjølv intonerer. Og eg må påpeika at det sjølvsagt er mogleg at dikt og diktpassasjar motset seg tolking. Dessutan må eg ta eit vesentleg atterhald: Desse dikta er influert av ein heilt annan kulturell kontekst enn eg er fortruleg med.

I diktboka finst fine bilete og sekvensar. Og det finst dikt med ein djerv sanseleg klårleik, heilt enkle, og som gir avkall på det påståelege djupet, men som bringar med seg ei tenking og ei kjensle for rommet, slik som diktet «mild vinterdag». Ein skal ikkje gløyme at det finst ein del slike dikt her.

Sindre Ekrheim

Bergen, 23. april 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)