Skrifta og det levande

:poesikritikk


DIKT

Sigurđur Pálsson

Dikt husker stemmen

Gjendikta frå islandsk til norsk av Kristian Breidfjord

Nordsjøforlaget 2018


I den islandske poeten Sigurđur Pálssons (1948-2017) siste diktbok, Dikt husker stemmen, møter lesaren ei rad røyster, eller snarare éi røyst som uttrykkjer seg i ei variert rekkje av stilleier. Sigurđur Pálsson har gjeve ut femten diktbøker, har skrive romanar og teaterstykke. Pálsson er ein kjær og skatta poet på Island, noko ein skjønar når ein les Dikt husker stemmen, som Kristian Breidfjord har omsett til norsk. Dikta til Pálsson har eit høgt språkleg medvit, utan at dei lukkar seg inne i seg sjølv og sitt univers. Dei pendlar ofte mellom bygde- og bymiljø, både frå Island og frå kontinentet. Horisontane hos Pálsson er alltid mangfelte, og det finst alltid noko meir, der dikta grip ei verd attom den synlege, lyttar etter ei kviskrande røyst, ein draum, ein mjuk trompettone, «nesten ikke hørbar».

Dikt husker stemmen består av kortdikt, prosadikt og ei diktsuite. Sjølv om den nærståande døden nok set sitt preg på dikta, er dei samstundes beherska av noko anna, av glede og sansejubel, av ambivalens og dobbelheit. Det er som om skapinga og øydelegginga finn saman, eller er vanskeleg å skilje for poeten: «Lær deg / å stå imot tomheten og svimmelheten // trekke det bruddstykkeaktige sammen / i en helhet // og likedan også splitte det ene / i bittesmå biter». Slik kan Pálsson også skrive om mørket som om det var livgjevande, lys.

Dikta spenner vidt. Her finst ein herleg, underleg tekst om korleis ulike dyr drikk vatn. Og ein finn meir pessimistiske tekstar, som prosadiktet «Øy med få innbyggere» der kulturelle, politiske og poetiske samanhengar vert veva saman til ein tekst om døden og einsemda. Her grip poeten fatt i hangen til å samanlikne alt og alle, slik også poesien har ein hang til, gjennom metaforen. Men «i dette tilfellet stiller sammenlikningen seg i veien og fører ikke til økt forståelse». For poeten er øybuar, mennesket der er aleine, men også «innbyggere i folkerike land ligger alene på dødsleiet. Nøyaktig som jeg.»

Sigurđur Pálssons dikt er enkle og tilgjengelege. Men dei slepp likevel ikkje lesaren like lett som dei grip han, for her finst stadig nye ting å oppdage og sjå. Det er slik god kunst er.

Sindre Ekrheim

Bergen, 5.april.

(sindre.ekrheim@humbaba.no)