Kjensla av å vere i kontakt med noko materielt er sterk når ein les desse dikta. Det er ei heilt eiga språkleg og estetisk røynd som stig fram or Kaplans tekstar. Les kritikken av Himlenes bok av Leslie Kaplan i Anne Oterholms norske gjendikting.
Mot eit mindre suverent menneske
Debutanten Fredrik Hagens dikt handlar på eitt nivå om fråvere og død. kjærleiksbrot. Samstundes handlar dikta om det motsette. Les kritikken av Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg av Fredrik Hagen her.
Tenkjande og biletskapande lyrikk
Lyrikaren Ren Powell leitar etter dei fortrengde forteljingane, dei små flaka som vert forkasta. Les kritikken av Elefantene har sunget hele tiden av Ren Powell her.
Livet under naturlovene
Geir Halnes driv ikkje med uforpliktande eksperiment og språkleik i Mor Rom. Det er noko viktig Halnes gjer når han målar opp avgrunnen mellom vitskapens og livsverdas språk og liv. Les kritikken av Mor Rom av Geir Halnes her.
Verdigheit som utopi
Fengselsdikt av Mahvash Sabet er høvesdikt som dokumenterer ein hard og umåteleg brutal fengselskvardag. I tillegg til å romme dokumentariske kvalitetar, representerer dikta også ein type politisk og kjempande frigjeringslitteratur. Les kritikken av Fengselsdikt av Mahvash Sabet her.
Fiffig og verknadsfullt
«Livet / e best på halv stang», står det å lese i debutboka Vak til Bendik Vada. Her møtar ein eit diktar-eg som ikkje ønskjer å setje spor, som forlét ei kvinne i ei hytte, går ut i skogen med eit ønskje om å gøyme seg og forsvinne. Les kritikken av Vak av Bendik Vada her.
Lyrikkforsking for alle?
Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning er eit lyft for den nordiske lyrikkforskinga og den internordiske forskingsutvekslinga på lyrikkvitskapens område. Les kritikken av Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning her.
Sorg og skrot
Når noko kjennest urimeleg ut, er det noko som ikkje rimar. Det urimelege og ufattelege for den franske poeten Valérie Rouzeau (fødd 1967), er dødsfallet til faren, sjølve omdreiingspunktet i diktboka Sorgensoveralt. Les kritikken av Sorgensoveralt, omsett av Kjersti Annesdatter Skomsvold, her.
Pulserande materialitetar
Sara Sølberg skapar ein type litteratur som er djupt rota i biologisk liv og livsvilkår, med sans for mikro- og makroøkologiske samanhengar. Romanen Seismiske smell stiller til skode eit imponerande økologisk og biologisk kunnskapstilfang. Sølberg maktar å gje dette materialet ein overtydande litterær handsaming. Les kritikken av Seismiske smell av Sara Sølberg her.
Svimlande avgrunnar
Stilen er kjøleg, avklara og stundom analytisk. Rekvisittane i desse prosalyriske tekstane er få. Dikta utmerkar seg med evna til å forsterke kjensla av heimløyse. Les kritikken av Endehjem av Eivind Sudmann Larssen her.