Livet under naturlovene

:poesikritikk


DIKT

Geir Halnes

Mor Rom

Oktober 2017


Samtidslyrikken er vorten meir og meir oppteken av vitskapens teoriar og vitskapens språk. Når ein tenkjer på dei radikale ombrøyta vitskapane i kombinasjon med teknologien har forårsaka, i samfunnet og menneskelivet, er den tendensen slett ikkje så merkeleg.

Dikta i Mor Rom av Geir Halnes finn sine føresetnadar i naturvitskapen. Når diktaren skriv at «ψ kollapser / til en mann på en benk», tek han utgangspunkt i innsikter og språk henta frå kvantefysikken. At slike omgrep og formlar vert brukt, kan skape startproblem for lesaren. Litt mindre gresk vert det om ein ser at det dikta til Halnes gjer, er å spegle innsiktene frå fysikken der ein lever, i mennesket og dagleglivet.

Tittelen på boka kan òg forståast i kraft av ei spegling. Ordet mor i tittelen er eit såkalla palindrom. Baklengs vert det til rom. Tittelen er kanskje litt i overkant fiffig. Men det er under denne vinkelen skapingssoga i boka kan sjåast: Eit eg som vert fødd med vitskapens språk og logikk i ei menneskeverd, med alle dei eksistensielle vanskane, men òg trivialitetane som finst der. Absurd kan det verte, når naboens hund vert sett på som ein klump energi:

i naboens hvite hund
hvilte 2 millioner terrajoule
det var nok til å utslette et helt kontinent
men energien hvile så dypt
at naboens hund forble en hvit hund
livet ut
den utslettet aldri noe kontinent
selv ikke da en villkatt tok seg inn på eiendommen

(Utdrag frå diktet «50», Mor Rom, Geir Halnes)

Det er skakande å oppdage at desse teoriane som spring ut av oss sjølv, ofte reduserer oss til ingenting i det store altet. Jamvel om desse teoriane òg har bidrege til å gjere mennesket til herskar over naturen.

Dikta i byrjinga og i siste halvdelen av boka fungerer best. Dei første dikta står fram som tankevekkande lovformuleringar. Mot slutten vert dikta lengre, og har ein inviterande og undrande tone. Eit par av dikta i midten er bygd opp med ein fast, gjentakande struktur, lik ei kinesisk eske. Dei vert lett litt føreseielege, og gjev ein ikkje det språklege lyftet som fleire av dikta definitivt gjev ein.

Halnes driv ikkje med uforpliktande eksperiment og språkleik. Det er noko viktig Geir Halnes gjer når han målar opp avgrunnen mellom vitskapens og livsverdas språk og liv.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 6. april 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)