Orda vil vere ting

:poesikritikk


DIKT

Leslie Kaplan

Himlenes bok

Gjendikta av Anne Oterholm

Oktober 2017


Den første diktboka i gjendiktingsserien til Oktober forlag i 1998, var Overskuddet – fabrikken (L’excès – l’usine (1982)) av Leslie Kaplan. Boka ho kom med året etter, Le livre des ciels (1983), er no komen på norsk med tittelen Himlenes bok. Anne Oterholm har gjendikta boka.

Iaugefallande ved tekstane er den knappe, tørre og tilsynelatande registrerande stilen. Som lesar får ein ei sterk kjensle av å vere tilskodar til ei objektiv røynd, for her vert stader, bygningar, farger, lukter og landskap påkalla, i knapp og konsis form, utan indre refleksjonar. Det lokkande ved Kaplans poesi er at det ikkje eigentleg er registreringar slik ein finn i ein protokoll, i den forstand at setningane og orda fangar noko røynleg. For her finst det ikkje noko formål, det handlar ikkje om noko bestemt, all kausalitet, all forklaring, alle tekststrategiske omsyn er borte. Om ein har eit formål ein skal iverksetje, vil det alltid føre ein bort frå staden, fordi formålet omdannar alt til middel, til noko som berre skal bringe ein vidare.

Kjensla av å vere i kontakt med noko materielt er sterk når ein les desse dikta. Det er ei heilt eiga språkleg og estetisk røynd som stig fram or Kaplans tekstar.

Men når alt dette er sagt, finst det store rørsler i tekstane, sjølv om dei ofte verkar abrupte og rørsla dessutan ofte vert motsagt, plassert andsynes noko stilleståande som tenderer mot å balansere, kanskje også annullere, rørsla. Slik som her, kor sjølve skinnegangen ligg urørleg mot jorda, og der passasjerane kan sitje heilt stilt og urørleg i kupeen medan toget fer framover. Skinnene er lagt tvers gjennom landskapet.

Skinnene er lagt tvers gjennom landskapet.
Buet landskap, og de flate, utvendige skinnene.
Vi beveger oss framover uten å røre oss.

Bladene gule og grønne smuler.
Det er varmen.
Landskapet er sirklet inn som fra utsiden.

Leslie Kaplan, Himlenes bok

Ein har, i autofiksjonens æra, eitt og anna å lære av Kaplans skrivepraksis. Hennar tekstar insisterer lågmælt og kompromisslaust på det reint litterære språket, nærmast i opposisjon til språket som må bere røynda i seg. Det vil seie: I Kaplans tekstar er det som om orda sjølv vert til ting og gjenstandar. Orda i desse tekstane vil helst ikkje namngje, ikkje skildre verda, men det dei aller helst gjer, er å kalle på ei verd, ei litterær og estetisk verd. Det å gå inn i eit føreliggjande språk, slik mykje av den dokumentariske autofiksjonslitteraturen gjer, inneber å overta og føre vidare dei etablerte strukturane av makt, kapital, hierarki og herredøme. Det verkar som om eit av Kaplans grunnspørsmål er: Korleis skrive utan å utøve makt?

Det er en scene, oppe på en ås.

Rundt, himmelen i likevekt som mellom flo og fjære. Fordi
jorden er rund, vesle jente.

Vi er høyt der oppe, langt borte. Vi spasserer på ein liten plass,
i en gul, ribbet landsby.

Fasader av sprø stein. Vi spasserer på en rett overflate.
Åsene bølger.

Himmelen er naken, godt åpen.


Leslie Kaplan, Himlenes bok

Å seie at handling ikkje eksisterer i Himlenes bok, er ikkje heilt korrekt. I tekstane finst til dømes rudimentære småhandlingar, reiser, vin som vert drukke, mat som vert spist, eg-et går. Det finst også større rørsler og handlingar, som legg seg som sirklar utanpå desse mindre, daglegdagse handlingane: I den første bolken er eg-et utanfor Paris, men kjem så attende til byen, før eg-et rører seg mot yttergrensa av Paris igjen, eller kanskje er det omvendt? Tekstrekkefølgja angir ikkje ein kronologi, snarare angjev dei ein slags sirkelgang, av gjentakingar og variasjonar.

Tekstane er såpass knappe og strippa at dei kan lesast som regikommentarar i eit drama. Den første setninga i opningsteksten seier rett ut: «Det er en scene». Det lesaren vert presentert for i Himlenes bok, er tinga i sin optiske tilsynekomst, sett gjennom eit vidope auge, gjennom eit eg. Pronomenet ’eg’ er ein plass for alle ii språket. Tinga og menneska som opptrer i dikta vert som figurar på eit maleri, det finst ikkje noko attom dei.

Samstundes som tekstane er eit aggregat, ei samling, vert tinga og bygningane i den enkelte tekst plassert i høve til kvarandre: oppe, ved, nede, langt vekke osb. Sjølv om plasseringa er nøye, er det også ein grad av desorientering på spel.

Sjølv om Kaplan arbeidar mot å leggje bestemte perspektiv og teoretiske føringar til grunn, er det freistande som lesar å følgje enkelte perspektiv i dikta. Berre for å sjå kor det fører. Boka dreier seg jo om himlar. Er det om forma, retninga og staden til himlane. Kor er himlane? Himlane er oppe, ein stad over oss. Viss ein ser på tekstane i den første av dei fire bolkane, vil ein merke at dei også seier noko om retning og ikkje-retning, til dømes «rett fram», «langt unna» og særleg om «rundt». Rund og rundt angir noko om form og retning. I tekstane finn ein ei rekkje setningar der ordet rund og rundt figurerer. «Rundt, himmelen i likevekt mellom flo og fjære Fordi / jorda er rund, vesle jente.», «Rundt om, det står folk foran utgangsdørene.» «Åsene hever seg, rundet, løsrevet.» «Jorden, jorden er rund.» «Rund tunnel av blader, langt / unna.» «Rundt raffeneriene er himmelen voldsom», «Jeg kjører rundt i bil med venner.», «I byen er himmelen avrundet, langt borte». Og slik kan ein halde fram. Ein kan også lese det store uret eller bymuren eller pariserhjulet som å vere gjenstandar som har forma rund og som går rundt. Rundingen er ei geometrisk form, ein sirkel, ei avgrensing, eit rom. Og mennesket er omgjeven og inneslutta av forma på jorda og himmelen. Himlane markerer yttergrensa for all topografi, for alle stader og rom. Himlane er grensa for menneskets tilvere. Sirkelen angir heller ingen kronologi, snarare gjentaking. Sirkelen høyrer til musikken, medan det lineære høyrer til prosaen og den røynlege verda. Himmelen som ber alle himmelretningane i seg, har sjølv ingen retning, han er «dratt i alle retninger».

Rett fram et stort, gult pariserhjul til festlighetene. 
Eiker av
tre. Gondolene henger, urørlige og tunge. Det er flere 
farger.

Langt unna nede i dalen beveger trærene på greinene sine.
Høye trær, smidige og bedragerske.

Luften åpner og lukker seg.
Himmelen balanserer, dratt i alle retninger.


Leslie Kaplan, Himlenes bok

Kaplan skriv om ein jordisk himmel, slik den opptrer for menneskeauga. I Overskuddet – fabrikken skreiv ho om fabrikken som eit tidlaust rom. Overskuddet – fabrikken var inndelt i ni sirklar, nett som helvetets ni sirklar hos Dantes La Divina Commedia. Himlenes bok er inndelt i fire bolkar, og ikkje som i La Divina Commedia, i dei ni sfærane til dei materielle himlane. Først i den tiande himmelen, empyreum, er den fysiske, materielle verda oppheva.

Der fabrikken som tidlaus stad skoten ut or røynda, var omdreiingspunkt i Overskuddet – fabrikken, er det stadene i fleirtal og rørslene mellom stadene som er i søkjelyset i Himlenes bok. Boka og skrifta og språket er også stader. Tekstane til Leslie Kaplan gjev ein ei sterk kjensle av rommet.

Sindre Ekrheim

Bergen, 27.04.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)