Sorg og skrot

:poesikritikk


DIKT

Valérie Rouzeau

Sorgensoveralt

Gjendikta av Kjersti Annesdatter Skomsvold

Solum 2016


Når noko kjennest urimeleg ut, er det noko som ikkje rimar. Det urimelege og ufattelege for den franske poeten Valérie Rouzeau (fødd 1967), er dødsfallet til faren, sjølve omdreiingspunktet i diktboka Sorgensoveralt. Boka kom i norsk attdikting i Solums Poema-serie i 2016.

Gjennom ei særeigen legering av barne- og vaksenspråk, nyord og ein omkasta syntaks som her og der så å seie stammar, hikkar eller hikstar, gjer det urimelege seg formelt merkbart som sorguttrykk: «Prate med deg pappa kunne paprate litt bittelitt / farfordi vi hadde ikke lenger all verdens tid.»

Nærmast kvar av setningane til Rouzeau innlemmar ein flora av alderssegment. Det er ikkje berre fint og fiffig gjort, det gjev språket eit barnleg og autentisk trykk. I tillegg verkar det rimeleg, all den tid eit menneske, sjølvinnlysande nok, lever saman og er avhengig av foreldra som liten. Det er då dei vinn plassen dei seinare kjem til å ha i eins liv. At poeten har gestalta språket slik, bidreg også til spenningane i diktboka. To motstridande rørsler kjempar i dikta: Språket som hikstar, stoggar opp og vert kasta attende, samstundes som eg-et har det travelt med å nå faren att før han dør: «vær såsnill faren min vent meg / skynder meg fram.»

Poeten Valeréri Rouezau, mellom anna løna med Prix Guillaume Apollinaire, har bakgrunn frå ein fransk skraphandlarfamilie, faren hennar samla inn og handsama skrapmetall. Det eventyrlege skraphandlaruniverset skyt seg naturleg nok inn i diktremsene, med metallhaugane, aluminiumskaserollane som samlar vårens smeltevatn og faren som køyrer lastebil og utforskar «veiene uten ende».

Rouzeau skriv ikkje ein akademisk uttenkt poesi, men sanseleg, skeivt og haltande, og veldig vent. For gjendiktaren Kjersti Annesdatter Skomsvold må det openbert ha vore ei stor utfording. Ein når neppe heilt i mål med berre ein filologisk tru omsetting, ein må attskape strukturane som bidreg til tonen og den skjøre sørgjesongen i dette vene og divergerande språkuniverset. Eg tykkjer Skomsvold i stor grad har lukkast med det.

Sindre Ekrheim

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

Bokmeldinga har vore trykt i Dag og Tid hausten 2016.