Mot eit mindre suverent menneske

 

:poesikritikk


DIKT

Fredrik Hagen

Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg

Flamme forlag 2017


Debutanten Fredrik Hagens dikt handlar på eitt nivå om fråvere, død og kjærleiksbrot. Eller korleis ein minnest eller fortrengjer noko. Samstundes handlar dikta om det motsette. For ein merkar fort at det i dikta gjer seg gjeldande eit skilje mellom tinga slik dei synest å vere og slik dei er. Slik proklamasjonen i tittelen på boka samstundes stadfestar det han nektar for. Det er nett eit slikt småambivalent univers desse dikta skapar og sidan manøvrerer lesaren rundt i.

Fleire stader eksellerer Hagen i paradoksale menneskelege tilstandar, der den kontrollerande og medvitne viljen vert sabotert av instinktet og krafta i det ufrivillege og umedvitne sjelelivet: «du glemmer henne / men du glemmer ikke at du glemmer henne / du kommer alltid til å glemme henne / og du lager ennå helt fulle kanner med kaffe / og lager for mye pasta».

I det heile finn ein eit gjennomført tiltalande og naivt-ironisk perspektiv i dikta. Poeten etablerer ein usikker ståstad som samstundes vert eit rom der den veksande omverda får større plass. Eg-et er ein resonansbotn for andre menneske snarare enn eit eige suverent og fritt subjekt, slik me har lært at eit moderne menneske helst skal vere.

Når diktaren møter store eksistensielle spørsmål med høgst trivielle tankar, har det ein openberr ironisk effekt, men ein kan like godt hevde at det uttrykkjer ein realistisk impuls. Iallfall så lenge diktet avslører kva som er eg-ets verkelege fokus: «det er lenge til du / skal begraves ennå / du skal spise mange skiver / med smør og bringebærsyltetøy.»

Langs livsvegen freistar eg-et å finne og formulere ein målestokk for seg sjølv og verda. Ein stad uttrykkjer forfattaren dette ved hjelp av bygningars og interiørs storleikar i høve til menneskekroppens proporsjonar: «alt er ikke lite det / vet du jo men du lever i / en liten leilighet / i en liten blokk / sover i en liten seng / og du er mindre enn sengen». Ein kan nok hevde at diktet set ord på ei sjølvinnlysande og allmenn kjensle, men Hagen stillar dette saman på ein høgst snurrig og lite høgttravande måte. Hagen lagar bokstaveleg tala ein større kunst av det vesle.

Sindre Ekrheim

Cittadella, 20.04.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)