Tenkjande og biletskapande lyrikk

:poesikritikk


DIKT

Ren Powell

Elefantene har sunget hele tiden

Omsett av Eirik Lodén

Wigestrand 2017


sykkeldekk på smågrus høres ut
som regn for deg

og regnet i drømmen din
høres ut som brannen i rommet ved siden av

og stillheten mellom dine utåndinger
høres ut som bevis på at du er alene»

Linene frå eit av Ren Powells dikt opnar for at det ikkje alltid er sanninga ein får has på. Det er som om språket som byd seg fram og er lett å ty til, ikkje fortel alt. Det ligg noko under. Det finst alltid ei moglegheit for eit anna blikk.

Lyrikaren Ren Powell leitar etter dei fortrengde forteljingane, dei små flaka som vert forkasta. Kanskje er dei vanskelege å fortelje om, kan hende kan dei ikkje forteljast, men treng ei anna form. Følgjeleg skriv Powell ein fragmentert lyrikk, trass i at han likevel inneheld brokkar av forteljingspassasjar. Poesi er punktnedslag. Poesiens privilegium er å røre seg i sprang, ikkje trekkje opp linene mellom punkta.

Powells lyrikk står fram som ambivalent, plassert i skjeringa mellom kroppen og anda. Lyrikken hennar er både enkel og komplisert, abstrakt og konkret, biletskapande og tenkjande. Men det som spring gjennom heile samlinga, er ein stendig refleksjon over skrifta og framstillingsforma, som òg kan kome til kort når den freistar gripe: «en flyvende fisk av bevissthet / fanget i en kropps hav». Ein kan også lese dikta som ei instruktiv oppmoding om å sett heile sanseapparatet i sving når ein orienterer seg i livet og verda.

Ren Powell er amerikanar med norsk statsborgarskap og skriv på engelsk. Den føreliggande diktsamlinga er hennar fjerde. Eirik Lodéns gjendikting frå engelsk til bokmål er gjort på heiderleg vis, og bevarer den avdempa tonen og dei abrupte rørslene som pregar Powells lyriske univers. Det eg likar med denne tospråklege utgjevinga, er at ein ikkje har stilt original- og gjendikta dikt opp på same oppslaget, men gjendikta heile bolkar av boka. I staden for at lesaren pendlar mellom original og gjendikting, slik at ein nærmast tapar diktet av syne, får ein høve til å lese sekvensar i ein større heilskap. Det bør også nemnast at Lodén har skrive eit omfangsrikt og instruktivt essay som lyftar fram Powells lyrikk med utgangspunkt i omgrepet seinstil.

 

Sindre Ekrheim

Stavanger, 13.04.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)