Fiffig og verknadsfullt

:poesikritikk


DIKT

Bendik Vada

Vak

Forlaget Oktober 2017


«Livet / e best på halv stang», står det å lese i debutboka Vak til Bendik Vada. Lyrikkdebutanten glimtar ikkje berre til med enkeltliner som dette, for desse kortdikta som er skrivne på trønderdialekt, er vortne til ei stramt komponert diktbok. Det handlar om eit diktar-eg som ikkje ønskjer å setje spor, som forlét kvinna i ei hytte, går ut i skogen med eit ønskje om å gøyme seg og forsvinne. Forsvinningstrongen kan samstundes lesast som forsøk på å finne seg sjølv: «et spor æ må følg der kor // gudan itj sjer / der kor raset itj tar igjen mæ».

Lyrikk skrive på dialekt fekk eit oppsving i løpet av 2000-talet då Øyvind Rimbereid tok til å skrive dikt på stavangerdialekt. Det verka som samtidslyrikken fekk ei ny kjelde å ause frå. Lyrikken fekk eit uvand skriftbilete, men også eit nytt klangtilfang. Bendik Vadas trøndermål er slett ikkje vanskeleg å tileigne seg, jamvel om ein finn ord som grantell (grantre) og poeten skriv sæ (seg), mæ (meg) og sir (seier).

Eit vak er eit teikn. Vaket er også ein verknad av noko som ikkje lenger er synleg. Årsaken til vaket, fisken som hoppa, er ikkje lenger tilgjengeleg for menneskesansane. Etterkvart dør også ringane på yta ut. Så når debutanten skriv at «Livet / er best på halv stang» kan det tolkast som at livet for fisken er best når vaket etter den dør ut, flata vert glatt og ikkje røper kor fisken er.

Det fine grepet med diktboka, er at vaket så å seie breier seg ut, vert forsterka og fiksert. Slik finn ein også ei rekkje ord i diktboka som liknar vak-ordet nett fordi dei namngjev verknadar, slik som til dømes jordskjelv, lukt, ekko, blunk, resonans, bølgjer og svingingar. Men årsakene som kunne forklare fenomena, vert forskuva, slik skrifta sjølv er teikn der det som vert nemnt er fysisk forsvunne. Forsvinninga eget set i verk er nærmast ein føreskriven og tvungen refleks av den logikken som ligg i vakets og språkteikna sin natur. Det er enkelt, fiffig, men også høgst verknadsfullt gjort av den unge diktdebutanten.

 

Sindre Ekrheim

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

Teksten har vore prenta i Dag og Tid.