Kristin Bergets er ein poet som jobbar med språkmaterien. Berget har skrive ei lågmælt diktbok som er eit viktig bidrag til økopoesien. Les kritikken av Kristin Bergets diktbok og når det blir lyst blir det helt fantastisk her.
Lyrisk maksimalisme
Det som særmerkjer dikta til Astrid Kleppe, er diksjonen, lineføringa og den pulserande biletlege knoppskytinga. Les kritikken av A C Kleppes diktbok Ivans blomster her.
På kanten av katastrofen
Casper André Lugg skriv ordknappe dikt, med slåande enkeltbilete, som freistar innsirkle og intensivere eksistensielle smertepunkt. Ein får assosiasjonar til Tor Ulvens poesi, men Lugg har eit større tilfang av bibelsk vokabular og ein sterkare religiøs undertone i sine dikt. Les kritikken av Det store svaet av Casper André Lugg her.
Draum som krasjar
I Kristin Storrustens diktbok Barsel har morskjærleiken, og verda, skrumpa inn til eit nullpunkt. I staden fyllest dikta med forbodne tankar om kva ein helst ønskjer å gjere med ein kolikkramma skrikarunge. Les kritikken av Kristin Storrustens Barsel her.
Historias klangar
Fra håpets historie av Hanne Bramness kan lesast i forlenginga av diktsamlinga Den ukjente (2015), som ei framkalling av det som har forsvunne og som ein kritisk refleksjon kring historieskapinga, men også som ein poetikk. Les kritikken av Fra håpets historie av Hanne Bramness her.
Stein Mehrens meir
Lyrikaren Stein Mehren, som døydde i juli 2017, er ein svært ordrik essayist, som utnyttar prosaens lengde- og breidderetningar for å utbrodere sine standpunkt i detalj, i reformuleringar, gjentakingar og i sirklar, tidvis også i ein sverjande stil. Les kritikken av Her har du mitt liv, utvalgte essay av Stein Mehren, redigert av Eivind Tjønneland.
Variasjonar over brukslyrikken
Brechts lyrikk, slik han kjem fram i utvalet til Johan Grip, har ikkje berre overlevd, men kjennest høgaktuell. Les kritikken av Landskap i eksil, utvalde dikt av Bertolt Brecht i Johan Grips omsetjing, her.
Poesi som hjelpeånd
Eg er Anjuhimeko manar fram ei forteljing i eit suggestivt, gjentakande språk. Sjølv om valden i diktet er overskridande og ekstrem, er språket fengande og rytmane livgjevande. Les kritikken av Eg er Anjuhimeko av Hiromi Itō i Ika Kaminkas omsetjing frå japansk her.
Eit bilete av mangel
Fragmenter heiter boka, talande nok, fordi det dreier seg om dei tekstlege brotstykka som er att etter den greske diktaren Alkaios (ca. 620-500 f.Kr.). Fragmenter føreligg no på norsk i Ulvhild Fauskangers omsetjing. Les kritikken av Fragmenter her.
Språk og vald
I Anna Hallbergs sjette diktbok, Chow Chow, finst nedslag av vridd og paradoksalt språk, men i tillegg vil lesaren finne ein rikhaldig leik med typografiske former. Hallberg held fram med å tydeleggjere dei maktstrukturane som ligg skjult i visse typar språkbruk. Les kritikken av Chow chow av Anna Hallberg her.