Historias klangar

:poesikritikk


DIKT

Hanne Bramness

Fra håpets historie

Cappelen Damm 2017


Historisk stoff – eit funne diktmanus frå ein psykiatrisk pasient frå førre hundreår, der rett nok autentisiteten ved manuset var høgst usikkert ­ – danna utgangspunktet for Bramness’ førre diktsamling, Den ukjente (2015). Dikta frå den kvinnelege psykiatriske pasienten var ei uhøyrleg røyst som endeleg etter mange års tystnad, vert kalla fram frå historias mørke.

Fra håpets historie kan lesast i forlenginga av diktsamlinga Den ukjente, som ei framkalling, som ein kritisk refleksjon kring historieskapinga, men også som ein poetikk, der språket og skrifta nærer seg av pendelgangen mellom mørket og lyset, mellom det medvitne og det umedvitne. Dikta i Fra håpets historie freistar sirkle inn klangane (lyd) og konturane (syn) frå historia som er gløymd og fortrengd av allmennhistoria, av, som det heiter seg, historias nådelause og brutale gang. Som regel legg ein all vekt på dei store rørslene som bevegar historia, dei som pressar andre, meir heterogene og marginale liv og erfaringar ut i historias mørke, ved hjelp av teiing, vald eller økonomisk undertrykking. Kva og kven som vert hugsa og gløymt er alltid eit spørsmål om makt.

Bramness’ dikt leverer ikkje livsfjerne filosofiske meditasjonsbilete, dei har ei sterk samtidskjensle, der vår tids tragediar, flyktningstraumen og migrasjonen over Middelhavet i overfylte gummibåtar, utgjer klang-botnen. Slik som diktet om den somaliske olympiaren og løparen Samia Yusuf Omar frå Bejing-OL som drukna i Middelhavet. Vatnet er elles eit viktig og gjennomgåande motiv i dikta. Det strøymande vatnet står for tida og tidsstraumen. Menneska som druknar i Middelhavet, er eit konkret bilete på korleis historia brutalt fortrenger og fortærer det ein usagt reknar som marginale eksistensar.

Dei gløymde, umedvitne sidene av historia, samtida og språket søker Bramness å kalle fram, ved å skape dobbelteksponeringar, eller tredoble eksponeringar der konstellasjonen av fortida, notida og framtida trer fram i eitt og same dynamiske og kritiske diktbilete. Eg oppfattar at boka også har ein tredelt struktur. Først med dikta der parken dannar det avgrensande topografiske utgangspunktet, deretter kjem ein aforismeliknande bolk («Skrift; Fragmenter») der språk og skrift vert handsama i lys av gløymsla, før sistebolken eller –diktet, sytten tekstar i alt, konsentrerer all merksemda rundt eit objekt, eit glas vatn.

Når det gjeld fotografiet, er framkallinga ein teknisk prosess knytt til ulike væskebad der lyset verkar på mørket. Fotografiet er eit medium Bramness har vore oppteken av i tidlegare dikt og bøker, til dømes i Uten film i kameraet (2010). Mørket og skuggeriket, tingverdas dobbelgjengarar, er eit sentralt gjennomgangsmotiv i dikta. Skuggane ligg under og betingar notida og framtida, slik mennesket ber med seg eit betingande umedvit. Bramness samanliknar forholdet mellom skuggane og lyset, med lyd, akustikk og musikk, der det for poeten gjeld om å få resonansbotnen til å svinge, klinge og tone fram, noko den alltid gjer i musikken. Musikken treng rommet og lufta for å klinge.

Skyggene er underveis, de har vært det lenger
enn noen kan huske, de viser ikke ansikt, men
stikker seg vekk. De settes i omløp, hviskende

bor i grunnen, i glemte, utilgjengelige hulrom
og slår ikke ut på noe instrument. Kan du ta
skyggen i hånda, klappe deres blodløse kinn?

Diktet «Skyggene rundt oss», Hanne Bramness, Fra håpets historie

I nokon grad ser Bramness poesien som ein analogi til fotografiet, med tanke på framkallingsprosessen der lyset verkar på den lysfølsame filmen, på det lysfølsame mørket. «Lyset lekker / gjennom det glisne taket slik at de skinnende båtene kommer til syne, fylt til ripa av støv.»

Medvitet i dikta er lyttande, ikkje talande: «Skrifta har med den magien å gjøre som mangler når noen får / barnet til å svare, men ikke til å snakke.» Det tyder at lyttande dikt må skape rom, moglege rom, opne felt og stader, som gjer at noko anna vågar seg fram i lyset, ein undergrunn, noko anna enn det som står der. Og slike språkrom vert i stor grad skapt i dei stille, meditative dikta til poeten Hanne Bramness. Det forhindrar likevel ikkje at bilete brått blussar opp («blomkarse med sine / flammetrompeter, som ikke lyder lenger.», eller at eit minne kan tone ut i urovekkjande, apokalyptiske bilete.

Fordi det allmenne språket har ein tendens til å skuve vekk, å subsumere marginale fenomen under kategorien for det uvesentlege, treng ein altså motspråket, eller alternative språk, eller ikkje-språket. Nokre dikt har ein  visjonær attityde der ein ser bilete i språket, ikkje orda. Undervegs treffer ein på utsegner som leier merksemda mot moglege andre språk, mot musikken, målarkunsten. Poeten snakkar om «å se forbi ordene», om «språket uten ord» og tittelen på eit dikt heiter «Sanger uten ord». Men ein lever og ånder i det paradoksale, for ein nyttar jo ord for å uttrykkje teiinga og det ordlause. Og poeten er nok ikkje heilt pessimistisk med tanke på ordas styrke: «Ord var ofte unyttige fordi de ble brukt til å skjule / tingene, men plutselig skjærer et ord ut, sklir på / overflaten og treffer.»

Hanna Bramness’ diktbok Fra håpets historie tek opp i seg nokre av samtidas vonde traume, men gjer det med overtydande, biletskapande dikt som samstundes representerer ei poetisk tenking som ryddar plass for det som ikkje passar inn i straumen. Og språket.

Sindre Ekrheim

Bergen, 17.august 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)