Draum som krasjar

:poesikritikk


DIKT

Kristin Storrusten

Barsel

Tiden 2017


Dei seinare åra er det kome fleire diktbøker om det å verte mor og det å ha barn. I fjor kom Sandra Lillebøs Alt skal skinne og blø. Og denne diktdebutanten siterer frå Cathrine Grøndals Jeg satte mit håp til verden (2009), ei diktbok som tok for seg ulike sider ved det å ha barn. Dikta i desse bøkene uttrykker morskkjærleik, men like fullt poengterer dei det praktiske strevet, mangelen på tid – tid til å hente seg inn og fordjupe seg i andre ting. Til liks med Grøndal og Lillebø, saknar Storrusten at desse erfaringane får ein himmel over seg og vert skrivne fram i dikt, i litteraturen og kulturen: «Jeg griner og leter etter bekreftelse / noe i verdenslitteraturen som forklarer meg / I filmene, hos de store poetene».

I Kristin Storrustens Barsel har morskjærleiken, og verda, skrumpa inn til eit nullpunkt. I staden fyllest dikta med ungeskrik og forbodne tankar om kva ein helst ønskjer å gjere med ein kolikkramma skrikarunge: «Jeg tenkte på å klemme deg til stillhet». Barnet er blitt ein demon, og draumane har ettertrykkeleg krasja med dei travle realitetane. I dikt prega av ein hastig rytme formulerer Storrusten seg ofte med humor om konflikten mellom lysten og realitetane og livet som ikkje går opp i ein høgare einskap. Men desperasjonen i dikta vert aldri verkeleg desperat, for eit ironisk medvit skapar distanse slik at dikta ikkje vert ubehagelege.

Jamvel om Storrusten held søkjelyset på temaet gjennom diktsamlinga, auser ho av eit variert reservoar av former. Her finst typografiske effektar, lyddikt, små dialogar og iallfall eitt dikt som vil fungere fint som voggesong. Det finst til og med eit kryssord. Når poeten bestemmer seg for å skrive dikt «til deg som ikke leser dikt / fordi de er rare», kan ein kanskje tenkje at mykje som fortonar seg tilforlateleg i dag ein gong har vore rart. Lyddiktet som samlinga opnar med, står i tradisjonen etter avantgardisten Tristan Tzara. Og det ikkje-rare diktet er faktisk rart nok, for den tomme barnehagesekken vert eit bilde på eit dikt og eit språk tømt for meining. Det tomme kan gi sinnsro og kvile, noko denne poeten fortvilt jaktar på.

Sindre Ekrheim

Bergen, 24.august 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)