Språk skal stemmast

:poesikritikk


DIKT

Kristin Berget

og når det blir lyst blir det helt fantastisk

Cappelen Damm 2017


L Y S E T. Tittelen på den nye og femte diktboka til Kristin Berget, og når det blir lyst blir det helt fantastisk, indikerer at lyset ikkje har innfunne seg ved tidspunktet setninga vert uttala. Setninga varslar om, og føregrip, det komande lyset – framtida. Me står altså eigentleg i mørket her, på terskelen til noko anna. Setninga kunne godt vere henta frå ei skapingssoge eller frå ein religiøs forkynningstekst. I skapingssoga i Bibelen skapte Gud, etter først å ha skapt himmelen og jorda, lyset den første dagen ved rett og slett å uttale orda: «Det skal bli lys!» Denne måten å bruke språket er ei talehandling: Språket gjer noko, det får ting til å hende.

Vi fant opp ordet
søvn og sa
Dette er en handling
legg deg her og hvil

Frå og når det blir lyst blir det helt fantastisk, Kristin Berget

M Ø R K E T / Ø K O K R I S A. Bergets diktsamling krinsar om den eskalerande økologiske krisa, og særleg referansane til det stigande havet gjer at ein tenkjer i den retninga. Berget identifiserer området der det øydeleggjande forholdet mellom mennesket og omgivnadane oppstod, til språket. Litt enkelt sagt kasta mennesket seg opp til Gud og herskarar over naturen og jorda, og brukte språket til å kontrollere og manipulere sine omgivnadar gjennom å namngi, erobre. Eg-et ønskjer ikkje å tre inn i denne namngivingspraksisen, jamvel om det ser ut som eg-et ikkje nøler med å omtale resultatet av namngivinga som øydeleggjande.

Jeg navngir ikke ord
jeg navngir ikke gud
jeg navngir ikke jeg
jeg navngir ikke oljen

(…)

Barnet gir jeg navn
ild og aske

Frå og når det blir lyst blir det helt fantastisk, Kristin Berget

L Y T T I N G. I forhold til økokrisa, som eg les diktboka til Berget i forlenginga av, stillar manipulerande talehandlingar opp eit problem, viss språket og mennesket bestemmer og utplyndrar røynda utan omsyn, kjennskap og kunnskap om korleis omverda og røynda fungerer. Tinga og røynda må komme til orde med si eiga røyst i språket. Ideelt sett er språket nett staden der mennesket vert filtra saman med omverda i ein gjensidig utveksling. Det finst eit utal formuleringar i diktboka som oppmodar til ein annan omgang med omverda enn den manipulerande og erobrande namngivinga, nemleg ein lyttande omgang: «Alle tegn er til for å avleses», «vi må lære oss å tolke røyksignalene», «avlese barkens fordypninger», «Tegnene finnes kun for dem som vil tyde». Tinga og omverda bør tydast, lesast og lyttast til for å avstemme menneskespråket i høve til omverda.

Det poetiske språket er lyttande i si skriving og poesien må lesast, tydast og tolkast (så lenge tolkinga ikkje innskriv omverda i ein middelsamanheng). Poesien kan øve opp ein djupare sans for kva omverda krev og tydar. Det å forstå kor ein er, det som retorikken kallar aptum, er avgjerande for talaren. Mennesket er her, på jorda, det vilkåret må eit jordvend og avstemt språk reflektere.

R E L I G I O N. Det bibelske, i all fall det religiøse, spelar ei viss rolle i desse dikta. Ikkje berre ved at «Gud blåser gjennom hodene våre» og at den nemnde skapingssoga planta i menneske den naive trua på at dei som gudeliknande herskarar kunne gjere alt dei ønskte med naturen. Klimafenomen som havstigninga har dessutan bibelske syndefallsproporsjonar over seg. I forlenginga av økokrisa ligg sjølvsagt redninga, frelsa, omvendinga, eller eventuelt undergangen og fortapinga; fenomen som konnoterer religiøse grunnførestillingar. Det økologiske krisa står i språkfelt som ber visse likskapar med dei religiøse førestillingane. Kristin Berget går inn i dette feltet, og sjølv om dikta verkar å identifisere oppkomsten av menneskas suverene haldning andsynes naturen i religionen, finn Kristin Berget også redninga der, i bønespråket.

I hendene bærer vi olje salt brød   faller inn i hverandres armer
Denne rituelle handlingen   skal løsne   hatet vi bærer
Vi skal si   barna sover   alle sover   Dette er en seremoni   
alle ord er en bønn
bønnen er en øvelse   øvelsen er utholdenheten

Frå og når det blir lyst blir det helt fantastisk, Kristin Berget

Kva språk er bønespråket? Bøna er eigentleg ein samtale med universets herskar, og herskar treng ikkje vere Gud, men til dømes tinga, dyra og plantane, i bøna anerkjenner ein at noko er større enn mennesket.

Ø K O P O E S I. Kristin Bergets er ein poet som jobbar med språkmaterien. Berget har skrive ei lågmælt diktbok som er eit viktig bidrag i økopoesien, dikta er ikkje agitatoriske og påståelege, snarare spørjande: «skal vi takke for nåden all nåde all mat / er det riktig å søke råd er det riktig å være rådvill». Tenkjer ein på kva denne diktboka gjer med økokrisa som talehandling, så set han sjølvsagt fingaren på eit paradoks mange har påtala, nemleg at ein i klimapolitikken freistar å løyse økokrisa ved hjelp av dei verkemidla som har skapt han. Men noko anna hevar seg fram som viktigare, den lyttande omgangen med verdas organiske og ikkje-organiske liv er staden å byrje. Der er poesien ein læremeister.

Sindre Ekrheim

Bergen, 15.9.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)