Stein Mehrens meir

:poesikritikk


ESSAY

Stein Mehren

Her har du mitt liv

Utvalgte essay. Red. Evind Tjønneland

Ascehoug 2017


Lyrikaren Stein Mehren, som døydde i juli 2017, er ein kritisk engasjert og tenkjande essayist. Tekstane ber preg av stor sakkunnskap og grundig filosofisk skolering. Ofte er det ei sak eller eit fenomen i samtida forfattaren kjemper imot og han formulerer seg med polemisk vidd, brodd og klarsyn. Mehren er ein svært ordrik essayist, som verkeleg utnyttar prosaens lengde- og breidderetningar for å utbrodere sine standpunkt og si verdsåskoding i detalj, i reformuleringar, gjentakingar og i sirklar, tidvis også i ein sverjande stil. Språket kan for nokre nok klinge litt stivt og pompøst. Men ein kan i alle fall slå fast at dei to, Mehren som lyrikar og Mehren som utbroderande essayst, ikkje liknar kvarandre, bortsett frå at dei delar den same tenkinga.

Som essayist forfølgjer Mehren hovudpunkta i sin eigen poetikk og sine filosofiske framstillingsidear. Han rører seg både innanfor og utanfor saka, trengjer inn og ned i djupet og stillar seg med eitt utanfor. Essaya, med sin dialetiske inderlegheit, står fram som ein tydeleg motpol til det fleire av essaya påtalar og kjempar imot, nemleg den overflatiske opplevingsestetikken. Det er eg-sterke essay der ein aldri er i tvil kven som snakkar, sjølv om Mehren sjølvsagt er fullkomen klar over at eg-et også kan fungere som ei litterær maske og også kompliserer sakene ved stadige nyanseringar og presiseringar.

I her har du mitt liv har Tjønneland plukka ymse essay frå ti ulike essaysamlingar utgjeve over ein femtiårsperiode. Somme tekstar er henta frå diktsamlingane, eit utdrag frå ein roman av Mehren har vorte plassert som eit essay. Det er fint at ein slik syner at lyrikken grensar til essaystikken. Det finst kontinuitet i Mehrens tenking uavhengig av sjanger. Det er ikkje til å underslå at somme formuleringar og sakskompleks i dei ulike tekstane vert til konstantar som går att i fleire av essaytekstane. Til dømes angrepet på den rådande politiske stoda i Noreg på seksti- og syttitalet, samt kritikken av massemedia og opplevingsestetikken. Elles finn ein lengre kritikk av Adorno og ordbruksanalysar knytt til fascismeomgrepet. Nokre tekstar har ei tydeleg estetisk innretting, til dømes det konsise og opplysande essayet «Fotografiet og bildet».

Mehren er ingen nøktern artikkelforfattar eller vitskapsmann, han er snarare ein argumenterande tenkjar som i skrivinga demonstrerer sjølve den tenkjande prosessen. Gjennom essaya strålar hans personlege stil og attityde, samt den overordna poetikken, ein poetikk som ikkje ønskjer å innskrenke verda og røynda, men snarare søkjer å fylle ho opp etter at ho har vore kondensert, avmytologisert og redusert av ymse ideologiar og tenkesett, for å gjere mennesket og hennar verd til dei mysteria dei er og har vore. Mehren insisterer alltid på at det finst, eller at ein skal vere open for at det finst, eit meir ved alle ting. Som om verda aldri kan uttømmast, som om det finst ei grense som språket og forstanden aldri heilt kan overskride og gjennomlyse. Han kallar det eit løynd rom i eg-et, men han kallar det også for mytane. Slik finst det i essaya og lyrikken til Mehren eit tilslørt punkt eller ein stad som aldri kan opplysast og fangast i språk. Det er det uutseielege som ein jaktar etter i det uendelege.

Stein Mehren skriv med front mot endeleggjeringa av verda, som han alltid freistar opne mot det ævelege, mot mytane, det løynde rommet. «Urspråkenes hemmelighet var øyeblikket som rives ut av tidsstrømmen og som plutselig intenst presis innenfor hver detalj trekker hele verden inn i sitt seismiske felt ved at det griper mot det evige.» Men sjølv om Mehren er tydeleg i sine standpunkt og formulerer seg skarpt og syrleg, er han ikkje steil, for han rører seg på innsida av motstandarens posisjonar og hentar ut ting der som han nikkar anerkjennande til. Difor er det ikkje lett å setje essaya til Mehren eller Mehren sjølv i bestemte faste kategoriar eller fiksere han langs ei akse. Iblant verkar det som eit poeng for Mehren å unndra seg bestemming, både biografisk men også ideologisk, nett som han sjølv vert til det løynde rommet ein alltid jaktar, men aldri får has på. Slik sett er han også i flukt med eigen poetikk.

Desse essaya kan fint lesast som nedslag i ein intellektuell biografi i eit tidsspenn over femti år. Men kanskje sterkast er det å lese det eine reindyrka biografiske og personlege essayet, «I eksil i min egen tid» (2004), mellom anna fordi Mehren i fleire av tekstane nett går kontant til felts mot journalismens personfokusering og tanken om at ein kan trenge attom dikta, diktaren og poeten: «Men programlederen, han vil ha mennesket bak. Bak hvem? Jeg snur meg fort og ser ingen bak meg.» Stein Mehren var dikta sine. Men i eksil-essayet, der han fortel om barndom og oppvekst, verkar han nett å gjere det han nekta for å gjere i essayet frå 1975. Igjen står han fram som den figuren ein ikkje maktar å fange, i stadig forvandling. Essayet frå 1975 er sikkert provoserande å lese i vår sjølvutleverande. Sjølv om fleire av essaya er skrivne for tiår sidan og kommenterer fenomen som var oppe då, eig nokre av dei framleis ein forbløffande aktualitet. Det at Mehren syner tenkinga som ein prosess og vandrar langt og omstendeleg, slyngande og buktande rundt fenomena, gjer også at dei ber fram pulsen av noko levande.  Det bør nemnast at Eivind Tjønneland har skrive eit opplysande etterord som tek for seg ein del sentrale aspekt ved essaystikken til Mehren. Sjølv om essaya til Mehren er lærerike, spørs det likevel om ikkje Mehren tenkjer hakket betre i lyrikken. Men så er heller ikkje lyrikken og essaystikken samanliknbare storleikar.

Sindre Ekrheim

Bergen, 11.august 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)