På kanten av katastrofen

:poesikritikk


DIKT

Casper André Lugg

Det store svaet

Cappelen Damm 2017


Poeten Casper André Lugg fekk rosande kritikkar og Bokhandelens forfattarstipend for sin førre diktsamling Nymånedagene (2016). Lugg skriv ordknappe dikt, med slåande enkeltbilete, som freistar innsirkle og intensivere eksistensielle smertepunkt. Ein får assosiasjonar til Tor Ulvens poesi, men Lugg har eit større tilfang av bibelsk vokabular og ein sterkare religiøs undertone i sine dikt.

Det store svaet kan ein sjå på som ei avdekking av trua, ein sjølvrefleksjon i form av ein heller smertefull sjølvfortæring og kannibalisme: «og jeg kan nesten / gape / over min egen neve». Samstundes ber dikta fram eit ønskje om å romme smertefulle erfaringar: «Jeg ber om å romme / det jeg ikke har ord for // som de varme / steinene // rundt et utbrent bål». Sjølv om dikta krinsar rundt eksistensielle spørsmål, vev dei inn lag av aktuelle erfaringar som flyktning- og klimakatastrofen, utan at det vert påtrengjande. Båe er katastrofar som bidreg til at trua sviktar.

Rørsla i boka går frå skogen via hogstfeltet ut mot det nakne berget, svaet, der fastlandet og sjøen møtest. Svaberget, grunnfjellet, er reinskurt, men små organismar festar seg og gjer underlaget sleipt, glatt og farleg.

Den reinskorne stilen til Lugg inkorporerer dei filosofiske og eksistensielle innsiktene dikta faldar ut: Vegen mot kjernen, inn til den inste sanninga, til det vesle som forklarer det største, inneber ei avskaling og ei bortskjering, altså eit moment av destruktiv aktivitet. Reinskjeringa og reduseringa er også eit kjenneteikn ved den vestlege sivilisasjonens historie, i arbeidet med å gripe naturen, atomet. Diktet er ei språkfortetting, skore reint og or den alminnelege, daglegdagse kommunikasjonssamanhengen.

Bortskrellinga og reinskjeringa koplar poeten indirekte til økologiske problemstillingar, slik ein til dømes ser av namnet på ein av bolkane, «hogstfelt». Vidare set nokre av dikta skuringa og skjeringa i samband med jordas eiga historie, med isens arbeid etter siste istid når den rørde seg over bergflatene og påverka jordskorpa og topografien («et halvmåneformet / minne // om isens retning»).

Eit hogstfelt er ei menneskeskapt avskoging, og eit radikalt naturinngrep, sjølv om det å ta ut trevirke må seiast høyre til ein menneskeleg uraktivitet. Hogstverksemda søkjer ikkje, slik vitskapane eller teologien gjer, sanninga med stor S, om da ikkje sanninga i tilveret er økonomisk vinst, overleving eller sjølvberging. Uansett fungerer hogstfeltet som metaforisk felt for nokre av dei drivkreftene som ligg attom den økologiske krisa. Likevel, det finst grader og modifikasjonar: Eit hogstfelt er ikke berre ødelegging, nye biotop og livsformer kan oppstå der, skogen kan regenererast. Lest slik verkar det å liggje eit moment av noko oppbyggjeleg i den reduserande og destruktive aktiviteten som jaktar etter kjernen: Ei ny byrjing.

Ein biletkrins i diktboka – som vert variert og utvikla – handlar om dialektikken mellom kjernen og det som, logisk sett, ligg kring kjernen. Ei sanning vert tradisjonelt assosiert med at ein er komen til kjernen i noko, som om blomens sanning låg i frøet, altså ikkje som noko oppe i dagen, men noko skjult, som ein via strev, arbeid og destruksjon når inn til. Ofte kan ei sanning formulerast i ei setning som inkorporerer totaliteten i seg. Berget er ein hard jordkjerne (om ein ser bort frå jordas indre og ytre kjerne der steinen er flytande). Men er eit hogstfelt skogen sin kjerne? Korleis fungerer forholdet mellom kjernen og det omliggande?

Metrologien lærer oss at det er vindstille i orkanens auge. Lugg talar om stillheit og stillstand («å trå fritt / i min egen stillstand»; «for stillheten er en kropp / og jeg er stille / når jeg blør»). Ord kan motseie kvarandre, men forholdet mellom kjernen og det som ligg rundt kjernen er ikkje reint språkleg, det har ein romleg dimensjon ved seg. Spelet mellom kjernen og det omliggande vert sett i spel i det følgjande diktutdraget:

jeg ber om å romme
det jeg ikke har
ord for

som de varme
steinene

rundt et utbrent bål

Frå Det store svaet, Casper André Lugg

Her er kjernen, bålet, borte. Berre steinane som har avgrensa elden, har ein ettervarme, og varmen frå steinane vil til slutt forsvinne. Diktet er frå den første bolken. I den andre bolken, «2. Hogstfelt», finn ein eit tilsvarande bilete knytt til hogstfeltet og den nemnde biletkrinsen, men biletet vert no utvida og formidla i ein motsetnad mellom rørsle og  lyd/stumheit:

i utkanten av hogsfeltet
svaier trekronene
i alle retninger

lik bevegelsene i en folkemengde
som prøver å varsle noen

men uten at lyden når fram

Frå Det store svaet, Casper André Lugg

Ein kan forstå sanningssøkinga, i alle fall slik den har funne stad i den vestlege reduserande tradisjonen, ikkje berre som ein ytre destruktiv aktivitet, men også som ei indre sjølvøydelegging: Sanningssøkinga som har gått hand i hand med teknologiske framsteg og økonomisk og økologisk utbytting, inneheld ei motseiing fordi den held på å utrydde kjernen (jorda) den har som mål å få grep om.

Kjernen, kven orkanen kvilar sitt auge på, skiftar også hos Lugg:

jeg tenkte på de fargesterke
plaggene 
til uteliggeren

det eneste stille punktet
i den myldrende gaten

Frå Det store svaet, Casper André Lugg

Ser ein dette biletet i lys av logikken med kjernen, eller det utbrente bålet, er det noko djupt uroande på gong i diktet, fordi det er tale om ei mogleg utrydding. Luggs dikt fungerer som slike stille punkt, som set i gong større og motstridande rørsle i utkantane.

I eit godt dikt veks ofte meiningsfylden i takt med at det språklege daudkjøtet vert skrelt vekk. Set ein tankane og assosiasjonane som dikta til Lugg føder saman med den reinskorne stilen hans, den som skjer vekk overflødig meining for å kome ned til dei eksistensielle kjernepunkta, står dikta fram som ibuande sjølvkritiske og sjølvplagande.

I det store og heile les eg diktboka som kunsten å balansere på kanten av katastrofen og undergangen. Dei tillyste katastrofane som heimsøker oss kan også vere oppbyggelege og reddande, eit vendepunkt ein kan byggje noko nytt og godt på.

Fjorårets bok var moglegvis eit par knepp sterkare. Lugg er aller best når han let dei sterke sanselege bileta utfalde seg og virke. Då svimlar det. Då rører liksom jordgrunnen seg under ein.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 31.august 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)