I Miniatyrlesningar av Gunhild Øyehaug finn ein litterære mikroanalysar og kommentarar kombinert med litterær entusiasme. Les kritikken av Miniatyrlesingar av Gunhild Øyehaug her.
Som vender heile tida
Det som kjenneteiknar stor litteratur, er at ein nærmast ikkje veit korleis ein skal gripe fatt i den, fordi tråden ein grip i veks og forgreinar seg, i ein aukande kompleksitet. Slik opplever eg Göran Sonnevis nye, omfangsrike diktbok, Sekvenser mot Omega. Les kritikken her.
Dei skjøre kreftene
Ruindikt av Jo Eggen er forma som ei reisedagbok frå Irland og inneheld diktrapportar frå reiser i landet i perioden 2013– 2016. Jo Eggen har med dette skrive ei av årets beste norske diktbøker. Les kritikken av Ruindikt av Jo Eggen her.
Kvervlar i kanalen
Samtidspoesien som kjem ut i Noreg spennar vidt, frå det forteljande til det fortettande diktet. Diktet i denne antologien, Den engelske kanal, treng å lesast med merksemd, eller utan at ein har foten på assosiasjonsbremsen. Les kritikken av Den engelske kanal, redigert av Jørn H. Sværen, her.
Jord og himmel i rørsle
Ære. Være 1–36 er eit diktverk som syner den utsette litteraturen og det utsette diktet vørdnad, og gjer det ved å hylle og pakke seg sjølv inn i eit utal referansar til dikt, myter og soger. Les kritikken av Ære. Være 1–36 av Mathias R. Samuelsen her.
Forvandlingsfiguren
Inger Christensens essays i Hemmelighetstilstanden belyser aspekt ved hennar eigen poesi, men ber dessutan i seg innsikter med rekkjevidde utanfor poesien. Vel kan ei seie at skriftstykka har eit filosofisk tilsnitt, men tenkinga er så djupt voven inn i ein konkret poetisk praksis, i ei verd, at tenkinga verkar å vekse ut frå sjølve verda, opp frå jorda. Les kritikken av Inger Christensens Hemmelighetstilstanden her.
Poesiens problem
I tillegg til å vere eit «bio-bibliografisk» dikt på 29 boksider der den italienske poeten Pier Paolo Pasolini (1922-1975) reflekterer over livet og bøkene, freistar langdiktet Askens poet også å finne ei løysing på poesiens problem. Gjendiktinga til Camilla Chams ivaretek Pasolinis språkføring godt. Les kritikken av Askens poet av Pier Paolo Pasolini her.
Augeblikkskunst
Lars Saabye Christensen lukkast med å skape dikt som ikkje innbiller seg og lesaren å vere noko anna enn dei er. Les kritikken av De nye reglene av Lars Saabye Christensen her.
Stoisk nærvær
Det som verkar så sterkt når ein les dikta til Anna Rydstedt, er deira evne til å skrive fram det som ikkje er døden, nemleg røyndomen, aksentane til ei heil verd. Les kritikken av Anna Rydsteds diktbok Jeg var et barn i Marte Hukes norske omsetting her.
Lyset og mørket
Stilen i debutdiktboka til Nora Aschim er sparsam, utan dekorasjonar og detaljar. Den ytre avmagringa speglar den indre, kroppslege avmagringa. Misforholdet mellom den lette og lyset tonen og det dikta handlar om, gjer desse dikta interessante. Les kritikken av Unngå øyekontakt av Nora Aschim her.