Lyset og mørket

:poesikritikk


DIKT

Nora Aschim

Unngå øyekontakt

Flamme forlag 2017


I følgjebrevet frå forlaget står det at dette er ei diktbok om sjølvmord. At dette handlar om sjølvmord og er ei sjølvmordsbok er sant å seie ikkje så lett å oppdage når ein les Unngå øyekontakt av diktdebutanten Nora Aschim. Dikta bryt med kva ein forventar av sjølvmordsdikt, kva no eit sjølvmordsdikt eigentleg er for noko. Men dikt som sjølvmord skal ikkje vere såpass lyse, lettliva og ufarlege som her, nesten prega av energi og livsoverskot.

Kanskje kan ein seie at denne boka òg syner at parateksten, følgjebrevet som seier kva boka handlar om, kan ha ein del å seie for lesinga. Kunne ein ha sagt at diktboka handla om noko anna, om det å flytte for seg sjølv til dømes, eller om lausriving? Og kva ville det ha gjort med dikta?

Nærliggjande, men også forenklande, er å peike på Sylvia Plath sine seine dikt, til dømes Ariel-samlinga som kom to år etter hennar sjølvmord, i 1965, eller til dømes diktet «Lady Lazarus» som døme på korleis sjølvmordsdikt skal sjå ut. Døden står fram som både ei tiltrekking og ei fråstøyting, og dikta til Plath er prega av ein markant ambivalens: Indre og ytre verd glir saman, språket løyser opp alle grenser. Liv Lundberg gjev i etterordet i Plath-gjendikting si frå 1986 eit breiare, samansett og mindre sjølvmordfiksert tolking av Plaths dikting, også av Lady Lazarus-diktet. Lundberg ser «Lady Lazarus» også som eit opprørsdikt. Mot den mannlege allmakta, men òg som ein stad der eit nytt språk oppstår.

Ein kan iallfall slå fast at språket ein møter hos Nora Aschim er annleis. Det er inviterande, enkelt, prosanært. Det teiknar opp ein tydeleg, ytre arkitektur.

Velkommen til leilighet
soverom, kjøkken, stue
og bad
lyspæra har gått
vi kan leke selskapsleker
bli bedre kjent

Nora Aschim, Unngå øyekontakt

Diktboka starter med ei rekkje invitasjonar. Dikta og eg-et ønskjer besøk av Gud og kvarmann, av lesaren, sjølv om alt ikkje er strøkent i bustaden («Lyspæra er gått»). Det fint altså eit mørke der, og det bør uroe lesaren når ein nokre dikt seinare vert helsa velkommen til «de siste dagene» og «den siste dagen». Utover i boka vert dikta sterkare marmorert av mørke, jamvel om grunntonen i boka ikkje endrar seg. Misforholdet mellom tonen og det som vert sagt, gjer desse dikta interessante. Stilen er sparsam, utan dekorasjonar og detaljar. Ein legg dessutan merke til at ingen møbler eller inventar vert påkalla i det siterte diktet. Stilen er sparsam, fråveret av mennesketing er påfallande. Romma i bustaden er tomme. Denne ytre fattigdomen speglar den indre, kroppslege avmagringa, som ein får innblikk i eit dikt mot slutten av boka:

Det er noe
tilfredstillende
med en utsultet
kropp

Nora Aschim, Unngå øyekontakt

Lyspæra har altså gått. Tidleg får ein høyre om ein øydelagd brødristar. Hjelpemiddel i heimen kan, i tillegg til å gjere livet enklare, vere farlege, nyttast både til skade og til hjelp. Og når Aschim skriv at «da den sluttet å virke / sluttet den å være redskap» (s. 33), er det sjølvinnlysande, men også ein analogi til mennesket og til eg-et. Kanskje kan ein også trekke eit lettingas sukk.

Strevet med å skjøne kven ein er og kva oppgåve ein har som eksisterande menneske, vert formidla på ein naiv, skrinn og effektiv måte, som her kor mennesket meir vert betrakta som eit dyr eller ein maskin, som responderer på imperativ og ordrar, der eg-et har implodert.

Er ikke menneske
men «stå opp»
«spis frokost»
«gå ut»
«kom hjem»
«orker ikke»
«legger meg tidlig»

Nora Aschim, Unngå øyekontakt

Dikta teiknar opp eit einsamt og goldt mikrokosmos der eg-et, for å gjere det meir heimsleg, støtt refererer til figurar frå Mummidalen. Universet verkar ikkje å utvide seg, tvert om står trongen til å trengje djupare innover fram som ein kompensasjon for den manglande rørsla utover. Eg-et oppnår korkje kroppskontakt eller det etterlengta besøket.

I  eit strippa, goldt og effektivt språk skildrar Nora Aschim ein eksistens som trekkjer seg lenger og lenger attende. Forfattaren ønskjer å vekkje lesaren, få lesaren til å interessere seg for eit liv som held på å gå til grunne. Aschim plasserer tekstane sine i ein sosial problemsamanheng utan å rope eller kome med imperative føresegner. Men det ligg ei vag oppmoding til lesaren om å engasjere seg i andre sine liv, også dei som verkar umoglege. På ei anna side oppfattar eg heller ikkje at poeten gjer det litterære underordna og slik gjer litteraturen illustrativ eller kasuistisk. Snarare er dikta eit konkret og samansett bilete, eit språk som syner fram noko uhyre innfløkt.

Sindre Ekrheim

Bergen, 4.mai 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)