Kvervlar i kanalen

 :poesikritikk


DIKT

Den engelske kanal

Red. Jørn H. Sværen

Kolon forlag 2017


Antologien for ny poesi, Den engelske kanal, er i sin femte årgang. Kanalen samlar ung eksperimentell poesi frå inn- og utland, denne gong i alt elleve poetar. Gunnar Berges teseliknande formuleringar i «Det som følger» kan forresten lesast som ei programfråsegn for antologien: «Hvor det vil vise seg at oppfinnsom-/ heten blir til idet den blir funnet opp.» Den typen samtidspoesi som er representert her, trekkjer merksemda mot handlinga, kva språket gjer, snarare enn mot kva det tydar.

Gjengangarar i Kanalen-samanheng, til dømes poetane Claude Royet-Journoud og Victoria Xardel, står her saman med nye tilskot. Årets antologi utmerkar seg positivt ved at han innlemmar tekstar med tydelege politiske og maktkritiske impulsar. Til dømes med utdraga frå den amerikanske poeten Anne Boyers Plagg mot kvinner.

Når ein blar gjennom boka, er inntrykket strengt og reint. Arket nærmar seg eit utstillingsrom. Fleire bidragsytarar går i dialog med andre kunstformer, noko fjorårets antologi også synte. Rune Christiansen sine tretti nummererte tenksame dikttekstar går i møte med komponisten Eliane Radique. Ein som verkeleg tek ut klangpotensialet i språket, konsekvent og overtydande, er Vemund Solheim Ådland: «Munntørket arrdråpe. Vårdråpe. Skjør, grov tåresåpe.»

Hos den danske forfattaren Andreas Vermehren Holm får forholdet mellom poesi og biletkunst eit heilt konkret uttrykk: Bidraget består av målings- og kulepennmanipulerte boksider frå Dostojevskijs En forfatters dagbok. Gjennom å fargesladde delar av boksidene og la enkeltord stå att, dannar det seg nye tekstar, samstundes som tekstsida vert ei biletflate. Som dagbok les ein Vermehren Holms tekstmontasje òg som ein kommentar til autofiksjonstrenda i skjønnlitteraturen. Kan den skapande maltrakteringa av Dostojevskij-teksten liknast med det levande modellar vert utsett for i verkelegheitslitteraturen?

Samtidspoesien som kjem ut i Noreg spennar vidt, frå det forteljande til det fortettande diktet. Diktet i denne antologien treng å lesast med merksemd, eller utan at ein har foten på assosiasjonsbremsen. Og er det så enkelt at dikt berre må vere tilgjengelege for å bli lesne, må ikkje lesaren gjere seg tilgjengeleg og opne seg for diktet også? Den engelske kanal gjer eit viktig arbeid med å introdusere nye poetar og poesiar, og boka gjer døra så til den nyaste poesien open og høg.

Sindre Ekrheim

Rimini, 15. juni 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

Bokmeldinga har vore publisert i Dag og Tid.