Augeblikkskunst

:poesikritikk


DIKT

Lars Saabye Christensen

De nye reglene

Cappelen Damm 2017


Lyrikken har heldigvis mange former. Den kan anta former slik ein møter i Lars Saabye Christensen siste diktbok, De nye reglene. Her dyrkar han den korte, poengterte forma, med dei absurde, morosame og overraskande poenga: «Jeg er heldigvis ikke alene / Vi er alene». Dei stuttaste dikta er berre på ei eller to liner, medan andre breier seg over ei halv bokside. Nokre dikt blandar visdom med morskap på eit vis som gjer at dei slekter på setningar ein finn skribla på ein offentleg gate- eller dassvegg, andre minner om svingande liner henta frå ein rocketekst.

Diktsamlinga uttrykkjer ei kjensle av forvirring andsynes tida ein lever i. Det verkar som ein anten komen for seint eller alt for tidleg, ein er aldri på slaget: «Der du kommer fra står tiden stille / Dit du skal går tiden fra deg». Kjensla av at tida er i ulage er eit motiv som for så vidt ikkje er nytt i forfattarskapen til Christensen, korkje i prosaforfattarskapen der bøkene ofte blikkar attende på fortida, men er heller ikkje ukjend i den etter kvart omfattande lyrikkforfattarskapen hans.

Eitt av dei openberre språkreservoara forfattaren auser frå, er ordtak og ståande, slitne vendingar som vert vridd til på særeige vis. Her florerer det av reint mjøl i posen, å gå ut av sitt gode skinn og snøret som både kjem i botn og vitnar om håpet. Nokre kan sikkert irritere seg over at Christensen lånar, brukar og diktar vidare på fellesspråket vårt. Uansett gjev det lesaren ei kjensle av å treffe på noko fortruleg, men samstundes merke at det fortrulege glepper. Iblant vert det også til gode, overraskande bilete.

Dette er brukslyrikk. Den er skriven for og av augeblikket. Den skal fordunste. Den innbiller seg ikkje å vere skriven for æva. «For det som blir sagt går over». Ofte vert det rekna som eit kvalitetsteikn at kunsten varer lenge etter at den er ferdig. Medan suget etter meir og ønskje om eit ekstranummer vert rekna som suspekt avhenigheit. Det er ikkje sikkert det er slik. Og det er jo av det gode at noko endar, også når noko er godt. Fordelen med at tida går, er også at den forvirra samtida ein gang går over til fortida. Ein må berre vente litt.

Sindre Ekrheim

Bergen, 18.5.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

Teksten har vore trykt i Dag og Tid 12.5.2017