Stoisk nærvær

:poesikritikk


DIKT

Anna Rydstedt

Jeg var et barn

Gjendikta frå svensk av Marte Huke

Tiden 2017


Når poeten Marte Huke gjendiktar ei svensk diktbok frå 1970, er det uttrykk for at det iblant er naudsynt å gripe attende i bokheimen for å halde gode bøker opp som prisme og spegel for samtidslitteraturen. Anna Rydstedt (1928-1994) sin poetiske forfattarskap er slett ikkje fysisk voluminøs, men det er av underordna tyding når ein merkar seg den lyriske kvaliteten.

Det var særleg den siste bolken i boka, diktsuiten om mora sin kreftdød, som vekte oppsikt då boka kom, mykje grunna den prosaiske, direkte og ukunstla tonen. I etterordet held Staffan Söderblom fram at Rydsteds diktbok representerte noko uhøyrt i samtidspoesien anno 1970 og at boka har vore skuledannande for lyriske framstillingar av dødsleie.

Det som verkar så sterkt når ein les dikta, er deira evne til å skrive fram det som ikkje er døden, nemleg røyndomen, aksentane til ei heil verd. Verda det er tale om er øya Øland, dyra, landskapet, blomane, engene og hagen til mora. Det kling paradisisk. Men i dei andre bolkane i boka, som skriv fram barndomsverda på Øland, vert ein mellom anna vitne til ei minutiøs skildring av eit kattedrap og korleis ein stut vert køyrd til slaktarhuset. Verda, også barndomsverda, kan altså beherskast av det grusame, men også denne valden og døden vert framstilt slik at den høyrer til verda.

I språket til Anna Rydstedt finst ikkje noko hardhendt, jamvel om også språket på stoisk vis syner vilkåra til mennesket. Det finst ein veldig vilje til å halde fast i, og skrive fram, denne verdas realitetar, om enn så prosaiske dei kan vere. Rydstedt er ein poet som lyttar til det språket som vert brukt og delt menneska imellom. Diktet «Den siste kommunikasjonen» tematiserer verdien i det tilsynelatande trivielle: «Dere smiler av oss, / som snakker om været, noe så ubetydelig. / Men været er i det minste noe realistisk».

Eg tykkjer det er bra å få denne boka gjendikta til norsk. Bendik Wold, som skreiv ein kommentar i Klassekampen tidlig i vår om dei fire danske poetane som nyleg er utkome på Samlaget, har eit poeng når har hevdar at sjølv om dansk er forståeleg for ein norsk lesar, er det også slik at bøkene først vert teken inn i det heimlege litterære krinslaupet når dei finst på norsk. Til sist vil eg heve fram den lyttande og opplysande lesinga Staffan Söderblom gjer av eit Rydstedt-dikt i etterordet. Söderblom er tett på, og inni diktet og orda, og les på undrande og spørjande vis. Han viser at alle eig dei ressursane som skal til for å lese lyrikk.

Sindre Ekrheim

Bergen, 11.mai 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)