Valden og lidingas former

Sentralt verk i latin-amerikansk samtidspoesi på norsk

Ofte vert berre eit nennsamt utval av ein utanlandsk diktar gjendikta til norsk. I den chilenske matematikaren, ingeniøren og poeten Raúl Zuritas (f.1950) tilfelle ville det vere vanskeleg berre å basere seg på eit utval, utan å miste mykje. Pedro Carmona-Alvarez har gjendikta heile debutboka til Zurita, Skjærsild frå 1979.

Skjærsild er ei svært samansett bok som består av verbale og grafiske dikt, brev frå ein psykiater, og ja, på slutten av boka finn ein fleire prenta elektroencefalogram. Det finst eit sterk indre samband mellom dikta, og dei utdjupar kvarandre støtt.  

Zurita opplevde å bli fengsla etter kuppet mot Salvador Allende i 1973, og blei seinare vilkårleg banka opp på gata av politistyrkane til diktatoren Pinochet. Etter denne siste episoden skal poeten, ifølgje det opplysande etterordet til Carmona-Alvarez, ha gått heim og brennmerka seg på kinnet, ei hending som fleire av dikta nemner: «Jeg ødela mitt forferdelige ansikt / foran speilet / jeg elsker deg – sa jeg til meg selv – jeg elsker deg».

Tittelen syner til Dantes Guddommelege komedie. Brennmerkinga er, i tillegg til å vere ein konkret respons på den kristne oppmodinga om å vende det andre kinnet til, ein type konkret smertefull skriving, som Zurita ønskjer å innlemme i poesiomgrepet. Ein kan sjå det som teikn på at han ønskjer å sprenge diktet or diktbokas format. Han vil så å seie ha diktet ut på gatene og gatene inn i diktet.

Nokre av dei mest uroande og finaste diktsekvensane i denne boka ber tittelen «Atacamaørkenen». Her er den politiske valden, døden og lidinga indirekte til stades, og er vorte til ein del av landskapet. Men også landskapet er i rørsle, på veg bort, som om det var dødt.  

Det som kjenneteiknar Zuritas lyrikk, er at han kryssar over ulike felt, egner og område. Her er det slett ikkje parallelle univers som vert teikna opp, det er alltid kryssande liner, kollisjonar, møtestader. Zurita koplar saman ulike plan og nivå, slik han koplar saman røynd med dikt og det individuelle med det abstrakte. Slik vert krossen til ein – indirekte og direkte – berande figur i boka, som både syner til den abstrakte geometrien, til landskapet, til kroppens «skrevende bein», til det religiøse og, ikkje minst, til symbolet på liding. Det er smerten Zurita alltid verkar å vende attende til i ei diktbok som både er opprivande og ven.

Bergen, 8. august 2020