Fabrikkens ulmande energiar

Lars Ove Seljestad nye diktbok har ein lang og uroande tittel, som fortel om uforløyste, potensielle energiar, Lyden av stein som flyttar seg under vatn. Hans førre diktbok, Storspring (2013), vart karakterisert som fabrikkdikt.

Årets diktbok har òg fabrikken og fabrikkarbeidet som horisont og grunntone, med dikt som solidariserer seg med småkårsfolket. Her finst naturdikt, dikt om kunst og ei rekkje dikt som borar i eiga historie, som knyter banda bakover, til faren og dermed opphavet i fabrikken og i arbeidarklassen; han er ein «son av den svarte røyken». Det er som om fabrikken er like skuldig farskapet som den biologisk faren. Difor er det ikkje mogleg å skilje historia om faren og historia om fabrikken. Liv og arbeid er eitt. Smeltinga og omforminga er ein grunnleggjande prosess i desse dikta.

I stor grad handlar dikta om underliggande krefter. Tittelen siktar til ein svak, djup, buldrande og kanskje trugande lyd. Når steinar flyttar seg under vatn, foreinar lydbølgjene og bølgjekreftene seg til ei kraft som kjem nedanfrå, frå under vatnet. Det finst to andre dikt som verkar å meisle ut synet på kva dikting kan vere: «eg vil / at dikta mine skal vere sterke / som konsentrert svovelsyre», og ein annan stad heiter det at «dikt skulle vere som syrefabrikkar» der «produksjonsprosessen er det vesentlege». Poeten ønskjer at dikta skal vere farlege, «etsande», og det vert dei fordi sjølve den materielt skapande rørsla i dikta utløyser latent energi. Fabrikkruinane varslar ikkje om undergang for solidariteten og kampen til småkårsfolket, for den personlege og kollektive historia er gyldig og skapar noko nytt.

For jamvel om dikta syg sitt forråd og bilettilfang frå metallindustrien, frå det som vert rekna som ein tilbakelagt epoke og slik sett kan få skjer av nostalgi for somme, så dreier dikta seg om å bryte ut av den ævelege sirkelen og gjentakinga. Diktboka har ein tilsynelatande sirkulær struktur, frå opphavet i byrjinga av boka til den famlande tilbakevendinga i det siste diktet, med tittelen «Heim». Men å kome heim etter lang tid, er ikkje det same. Heim vert i diktet til noko namnlaust, eller til fleire namn som heile tida forgreinar seg i andre namn. Slik sett endar dette ikkje i nostalgi, men i nyskaping og moglege framtidsprosessar.

Bergen, 4.august 2020