Litterært minnearbeid




Den førre diktboka til Marianne Teie falda ut eiga slektshistorie. I Jeg lar det være slik er det framleis det historiske diktet som gjeld, men omdreiingspunktet er livshistoria til Joseph Hirsch Schechter, som hadde tysk-jødisk opphav og spelte fiolin i Harmonien i Bergen før andre verdskrigen. Joseph Hirsch Schechter blei deportert med transportskipet Donau i 1942 og inn i døden.

Teies diktbok grip fatt i eit historisk autentisk materiale, følgjer Joseph og rekonstruerer livet hans, anten i Tyskland og Bergen eller på reise mellom Dresden, Bergen og Berlin. Mellom diktsekvensane finn ein soleis lista over inndregne eigenlutar frå Joseph og ei prenta faksimile av «spørrekjema for jøder i Norge» som gjeld han. Trass i dei dokumentariske innslaga, ber diktsekvensane i tillegg fram eit sterkt medvit om at dei baserer seg på rekonstruksjon og syner at historia framleis er gyldig for nokon; for her finst eit present diktar-eg som vevar seg inn. Som «bygger ham opp med tall og dokumentavskrifter», som «trenger Johanna som går over gaten» og som «bestemmer at han ser sol / da gjør han det».

Det nærverande og problematiserande eg-et lyftar dette som dikt og gjer at materialet vert utsett for ei litterær handsaming, som rett nok ikkje går på akkord med det vesentlege.

Spørsmålet er ikkje berre korleis ein kan aktivere eit fortidig stoff, men korleis ein kan gjere det eksistensielt gyldig i ein poetisk samanheng. Her er det ikkje berre å puste liv i materialet, ved å bruke modellar og kollektive traume for å lage ei bok. Her kvilar det eit anna ansvar på forfattaren. Marianne Teies diktbok freistar å redde denne individuelle historia, men medvitet om at eg-et ikkje kan hjelpe, er sterkare. Teie syner at historia om Joseph ikkje berre er ei påminning – om at noko frykteleg har skjedd i fortida – nei, den er også ei profetisk minning, i den forstand at den gjer oss merksam på at noko liknande kan skje igjen, på onsdag, i neste veke.

Teie skriv ein type ekspanderande lyrikk med eit heilt klårt forteljande grep og med eit tydeleg medvit om framstillingsforma. Ho lagar også dynamiske bilete som utviklar seg og som kastar lys over historia. Dette eg-et som involverer seg, som problematiserer rolla til formidlaren, er eit godt grep. Det lyftar diktboka.

Bergen, 4.august 2020