Frå flytande til fast form

:poesikritikk


DIKT

Lars Haga Raavand

Vannsikt

Aschehoug 2016


Sentrumet i Lars Haga Raavands omfattande diktbok, er historia om ein kjernefamilie som går i oppløysing. Samstundes freistar tekstane knyte den oppløyste familien til noko større og fastare, til slektstreet. Slik representerer hovudmotiva, vatnet og eika, to motsette polar i boka.

Rytmen i tekstane er tidvis roleg, strøymande, nærmast meditativ. Dei store dramaa spring fram i det stille. Tekstane syner stor formell variasjon, dei rører seg mellom prosa- og diktoppsettet, så å seie frå den pure formelens form til dei mindre gripbare formene. I tillegg finst det også, originalt nok i ei poesibok, ein tabell, som plasserer bokas sentrale pronomen «Mi» blant dei kjende pronomena. Mi, danna av dei to hydrogenatoma i vassmolekylet, er døtrer til foreldreparet. Etter at foreldra går frå kvarandre, vert dei til ei sterk og uløyseleg binding.

Når eg oppfattar språket i første delen av Vannsikt som meir geléaktig, amorft og mindre stramt enn i tidlegare bøker, heng det sannsynlegvis saman med at ei bok som står i vatnets teikn, vil late forma merkast av dette elementet. Medvite mimar tekstane vatnets flytande rørsler. Vatnet er i seg sjølve ei oppløysing, det har ikkje ei eiga form, bortsett frå i den abstrakte kjemiske bindinga H2O.

Tittelen Vannsikt kan vise til den vridne, diffuse optikken ein får når ein opnar augo under vatn. Motstykket til dei flytande, impresjonistiske tekstane finst, særleg mot slutten av boka, til dømes dikta «Renselse», «Sorg» og «Vinter».

I spennet mellom dei faste og oppløyste formene boka materialiserer, oppfyller Vannsikt sine eigne kunstnariske intensjonar på eminent vis. Likevel stussar eg litt, for kanskje har materialet, 166 sider med dikt og prosa, rett og slett vorte litt for stort og uhandterleg. Kanskje er det meldaren som brått ikkje har takla at nokre av tekstane formeleg løyser seg opp framføre augo på han. Uansett, det poeten Raavand skal ha for, er at han i dei tre bøkene han har gjeve ut til no stadig prøver seg i nye språkformer. Mellom Hvalfall, Skoggangssang og åretes Vannsikt finst det veldige språklege sprang. Her ligg grunnen til at Lars Haga Raavand er ein poet ein må rekne med i norsk samtidspoesi.

Sindre Ekrheim

Bergen, 8.12.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

(Kritikken har vore publisert i Dag og Tid 14.10.2016)