Den slentrande og forteljande stilen, kopla til daglegdagse observasjonar og tilsynelatande tilfeldige assosiasjonar, har blitt til eit varemerke for Haagensens lyrikk. Stor er ikkje noko unnatak. Les kritikken av Stor av Nils-Øivind Haagensen her.
Lovsong til alt som finst
Årets diktbok frå Helge Torvund, Tidslys, kan ein sjå i forlenginga av Alt brenner. Men i Tidslys er det som Torvund kjølar elden litt i høve til den ekstatiske poetiske entusiasmen som sprang fram i førre diktboka. Les kritikken av Tidslys av Helge Torvund her.
Vevnadens samtale
I Reisen møter Gunvor Nervold Antonsens visuelle kunst dikt av Hans Petter Blad. Hans Petter Blads dialogiske dikt spenner opp eit stort historisk, geografisk og litterært rom i det vesle formatet. Eit utal moglege kryssingar og forbindelsar oppstår. Les kritikken av Reisen av Gunvor Nervold Antonsen og Hans Petter blad her.
Minneknusaren
Eg-et i denne debutantboka, Anna, ønskjer å frigjere seg frå minna, for å eige seg sjølv og framtida fullt ut. Det er ei sår diktbok, der språkbileta vert utvikla trinn for trinn. Les kritikken av Om netten brukar mor dråpeteljar av Svanhild Amdal Telnes her.
Visjonsdikt med resonans
Hu pendlar mellom draum og vaken tilstand. Diktsyklusen har trekk av visjonsdiktet og utmerkar seg med ein komposisjon som gjev versa gjenklang fleire stader i verket. Les kritikken av Hu av Aasne Linnestå her.
Propagandalyrikk
Siri Amalie Oftestad har med Soloppgang i Nord rett og slett skrive reinhekla propagandalyrikk som idealiserer eineherskaren. Resultatet er vorte naivistiske, morosame dikt, alltid med ein undertone av djupt alvor. Les kritikken av Soloppgang i Nord av Siri Amalie Oftestad her.
Poesi, finans og revolusjon
Rødt epos er fascinerande lesnad. Det er ein revolusjonær samfunnsanalyse på vers som skodar eit håp i dei akselererande økonomiske krisene. Les kritikken av Rødt epos av Joshua Clover her.
Avsky språket
Tadeusz Różewicz (1921-2014) vert rekna som ein av dei store polske poetane. Różewicz er anti-poet med djup skepsis til språket. Kombinasjonen av riving og bygging, av språkleg desentrering og konsentrasjon skapar eit særeige lyrisk univers. Les krtikken av Gråsoner av Tadeusz Różewicz i Agnes Banachs norske gjendikting her.
Ein opplysande slutt
Det er dei langsame geologiske prosessane dei nye dikta til Halvard Foynes grip fatt i, ofte på svimlande vis. Les kritikken av Ansiktet, håret, lyset i huden av Halvard Foynes her.
Gudommeleg lyte
Diktboka Nike diskuterer tilhøvet mellom dei andres blikk på den skada kroppen og korleis det kjennest å leve med handikappet som definerande del av identiteten. Les kritikken av Nike av Caspar Eric omsett frå dansk til norsk av Dan Andersen her.