Ein opplysande slutt

:poesikritikk


DIKT

Halvard Foynes

Ansiktet, håret, lyset i huden

Gyldendal 2018


I den fjortande diktboka til Halvard Foynes finst dikt over eit knippe ulike tema. Her er portrettdikt av mora og faren, dikt om ulvar og isfjell og om å gløse inn i eit fargesprakande kaleidoskop. Trass i tematisk variasjonsbreidde i dikta finn ein eit vedvarande spenningstilhøve mellom mennesket og naturen. Diktet «Naturfag» skildrar nøkternt korleis dyrelivet og naturen har teke seg opp i det mennesketome Tjernobyl etter atomulukka: «Fredningen kom overraskende / og var utilsiktet».

Sjølv om dikta har ulike brennpunkt, gjer dei veldige kast og sprang i tid og rom. Slik plasserer dikta mennesket i ein målestokk der det vert degradert som suveren herskar, men likevel er «Et opplyst punktum i universet / som prøver å forstå seg selv // før det forsvinner». Med slutten og forsvinninga som horisont, brynar og sliper Foynes tenkinga si i den poetiske forma.

Det er dei langsame geologiske prosessane dikta grip fatt i, ofte på svimlande vis. Berre det å sjå «sandstøvet som virvles opp i bakspeilet», eller å studere ei benkeplate i stein, set diktar-eget på sporet av fjerne tider og prosessar. Eit fjell er for Foynes først og fremst «et magasin / av siluriske skyer og enorme skjellstrender / i lag på lag nedover i dypet».

På same tid som dei store kosmiske og geologiske perspektiva er sterkt til stades i diktsekvensane, og dels tvingar fram eit dystert medvitet om menneskets forbigåande tid på jorda, har dikta ein velutvikla sans for den vesle detaljen, slik kan dei til dømes heve fram dei mystiske lydande i eit ord som «hornblendegranitt».

Ein pessimistisk undergangstone ligg og gneg versa, noko diktaren sjølv er medviten om og som han i ein viss grad ønskjer å distansere seg litt frå. For trass i all undergangsmusikken, finst her også glede, over naturen, kjærleiken, kunsten og poesien: »Et kikkhull inn til et spekter av detaljer og en sterk illusjon av liv.» Halvard Foynes» balanserte dikt gjer godt å lese. Dikta er på sitt aller beste der han lèt lesaren få gløtte inn i det geologiske wunderkammeret poeten sjølv let seg fascinere av.

Sindre Ekrheim

Bergen, 25.januar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)