Lovsong til alt som finst

:poesikritikk


DIKT

Helge Torvund

Tidslys

Aschehoug 2018


Frå og med diktboka Alt brenner, som var eit definitivt poetiske høgdepunkt i bokåret 2016, er det som poesien til Helge Torvund har endra seg litt. Den poetiske flata er vorte større, dikta meir lyrisk broderande, jamvel om Torvund framleis dyrkar det to-lina verset, det sanselege nærværet og biletpresisjonen dikta hans er så kjende for.

Årets diktbok, Tidslys, kan ein sjå i forlenginga av Alt brenner. Men i Tidslys er det som Torvund kjølar elden litt i høve til den ekstatiske poetiske entusiasmen som sprang fram i førre diktboka. For sjølv om Torvund heldt fram å skrive med sanseportane på vid vegg og jagar gjennom språkregisterets breidder, høgder og djupner, «som om ingenting er verkelegare / enn / song», er vekta her lagd sterkare på vilkåret som naudsynleg avgrensar og gjer augeblikket mogleg, på tida. For det er tidas uvegerlege gong som gjer sanseaugeblikket til kva det er, eit intensivt, forbigåande bluss. Dessutan er verda mangfelt, like fylt av urolege tankar, mørke og fråvær som ho er av lyset: «Knoppane som nå // skal opnast / er i den same verda // som ho som har mista / fotfeste». Slik kan dikta veksle, frå frodige, jublande biletremser til tenkande, aforistiske utsegner, kondenserte og mindre ornamenterte: «Me eig dette. Men bare så lenge me gir avkall på det».

Ja, kanskje er Torvund hakket meir filosofisk her. Dikta kombinerer ei både audmjuk og stri haldning, der den store læremeisteren når det kjem til å halde saman to motstridande eigenskapar, er piletreet utanfor garasjen. Piletreet er seigt, hardt og overlever stormar fordi det er så bøyeleg. Piletreet er brukt til korgfletting og til å halde på plass tønneband. Ein kan lese Tidslys som ein lyrisk freistnad på å drive det umoglege sin kunst, å foreine to motsette eigenskapar, det harde og det mjuke: «Eg ventar til steinen vert omsett / til min dialekt».

Det er urettferdig å måle Tidslys opp mot den eruptive diktboka Alt brenner, fordi årets diktbok medvite er modulert på anna vis, men med ein vedhaldande vilje til å drive poesien stadig vidare. Ein finn så mykjer her. Ein finn glede, sorg og innlysande, enkle og vers som dette, «å kunne letta / og la tyngda falla».

Sindre Ekrheim

Brisbane, 8.mars 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)